Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Gratis vaksine mot hjernehinnebetennelse

ungdom-meningokokkvaksinasjon2.jpg

Fylkestinget vedtok 11.12.2018 at alle elevar i vgs i Hordaland skal få tilbod om gratis vaksine mot den frykta smittsame hjernehinnebetennelsen. Tiltaket gjeld frå 2019, og vil finna stad i vekene 6, 7 og 8 - dei tre siste vekene før vinterferien til våren. (Foto: Folkehelseinstituttet)

Alle vgs-elevar som ikkje er vaksinerte til no, er omfatta av tilbodet. Vi saksar frå brevet frå Hordaland fylkeskommune:

Gratistilbodet går til alle elevar både i fylkeskommunale og private vidaregåande skular. Tilbodet gjeld elevar på alle trinn som ikkje har tatt vaksinen før.  Ein ungdom som vaksinerer seg på Vg1 er beskytta i ca. 5 år, altså vil ungdomen også vere beskytta gjennom russetida. Gratistilbodet vil seinare år difor gå til elevar på Vg1.

I 2020 vil altså tilbodet berre gjelda for elevane som går i Vg1. Vi oppmodar derfor alle årstrinna våre om å ta vaksinen i februar 2019! Merk at fristen for å bestilla vaksine er 9. januar 2019 - derfor går denne informasjonen ut no før jul.

Under denne lenka finn du bestillingsskjema for vaksinen. Elevar som er under 18 år treng underskrift frå føresett. Vi oppmodar elev under 18 år og heim om å skriva ut bestillingsskjemaet og returnera det til skulen i utfylt stand! Skulen hjelper sjølvsagt til med utskrift, dersom dette er ønskjeleg.

Vi vonar mange vil nytta seg av tilbodet!