Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

God sommar!

sandalar.jpg

Vi vil ønska alle elevar, føresette og andre ein retteleg god sommar! Skulen tek til att torsdag 16. august, og elevane møter i Rubbhallen attmed skulen kl. 1200. Skulen sitt kontor er stengt mellom 4. juli og 6. august. Rektor kan du nå på 90808053 viss du har noko VELDIG viktig på hjartet. Klikk inn i saka for meir informasjon!

Vi avsluttar no eit veldig godt skuleår, der vi har opplevd god trivsel mellom elevane, og gode faglege resultat.
No synest vi at vi fortener ein kort pust i bakken for å "lada batteria" - og så gler vi oss til å starta med nytt skuleår på seinsommaren!
Det kjem informasjon heim til nye elevar i august. Hugs å skriva under på kontrakt for utlån av lærebøker på denne adressa (du treng MinId)! Merk at berre nye elevar i Hordaland sine skular treng å gjera dette. Den digitale underskrifta varer for alle skuleåra dine på vgs i Hordaland.
Internat: ta kontakt med skulen sitt kontor i opningstida på tlf. 53425500. Vi har ledig.
God sommar!