Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Felles personalsamling

Bøtte.jpeg

To organisasjonar jobbar seg saman til éin! Onsdag 6. oktober møttest personala på BØV og RUV kvarandre på idylliske Gullvegen gardstun på Lykling i Bømlo.

Gullvegen gardstun satsar på opplevingar og servering til store og små lag, og var ei perfekt ramme for dei ca 50 skulefolka som var samla. Etter uhøgtidelege konkurransar i "Farmen-stil"  (der laga sjølvsagt var sett saman av folk frå begge skular), vart samlinga avslutta med nydeleg lunsj.

Ei kjekk oppleving i kvardagen, som peikar framover mot "Nye BØV"!
(Alle foto: Eline L. Nitter)

Øksekastkonkurranse

Matøkt med quiz

Glashytte på Gullvegen