Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bort med Ungdomsbillett - inn med skulekort!

448x299-mann-med-setebelte-pa-buss.jpg

Fylkeskommunen endrar regelverket sitt for skyss til dei fylkeskommunale skulane, og dette medfører at heile Sunnhordland vert trekt ut av ordninga med Ungdomsbillett. I praksis vil dette seia at skuleskyss til vidaregåande skular vert gratis for elevar som bur i Sunnhordland - også i Bømlo.

Elevane på Rubbestadnes vgs som har kjøpt Ungdomsbillett i skuleåret 2017-2018, altså i inneverande skuleår, har krav på å få refusert utlegga sine. 

Du finn informasjonsskrivet frå HFK her, og skjema for å søka om refusjon her
Dersom du framleis er interessert i Ungdomsbillett (frivillig): sjå her.

Merk desse tre viktige momenta:
-Frist: du må søka om refusjon innan 31. august 2018
-Skjema med vedlagte kvitteringar skal leverast til Rubbestadnes vgs
-Kvitteringar: du må legga ved søknaden kvitteringar for kjøp av Ungdomsbillett. Viss kvitteringar manglar, kan ikkje Rubbestadnes vgs attestera søknaden din