Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

17. august: Delt oppmøte i Rubbhhallen

Rubbhallen.jpg

På grunn av smittevernreglane vert vi nøydde til å dela elevane i to ved velkomstarrangementet i Rubbhallen 17. august. Dette er òg informert om i brev til alle elevane.

Dersom alle er samla på éin gong, vert vi for mange menneske i same rom. Vg1-elevane møter derfor kl. 1030 for velkomsthelsing og inndeling i klassar, medan Vg2 og -3 møter kl. 1200. 

Helsedirektoratet har gitt påbod, råd og rettleiing for smittevern i vidaregåande skular. Vestland fylkeskommune sine skular arbeider i samsvar med desse, og du kan lesa om dei her.

Vi ønskjer alle hjarteleg velkommen!