Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Påbygging til generell studiekompetanse

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse på Vg3. Du kan søke både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg undersøke om skulen tilbyr fag som gir spesiell studiekompetanse.

Kva er påbygging til generell studiekompetanse?

Påbygging til generell studiekompetanse Vg3 er ein annan veg til studiekompetanse enn det tradisjonelle 3-årige løpet på studieførebuande. 

For å kunne begynne på påbygging til generell studiekompetanse, må du ha gjennomført Vg1 og Vg2 på yrkesfagleg studieretning.  Du velger sjølv om du vil ta fagbrev fyrst og deretter gå påbygging til generell studiekompetanse og få studiekompetanse.

Kvifor påbygging til generell studiekompetanse?

Når du har fullført påbygging til generell studiekompetanse kan du søkje høgskular, universitet eller yrkesutdanning med fagbrev. Næringslivet og det offentlege etterspør i stor grad ungdommar som både har praktisk og teoretisk utdanning og erfaring.

Påbyggklassane ved Os vgs. består av elevar som kjem mange ulike yrkesfaglege linjer, som t.d. byggfag, elektro, helsearbeidar og barne- og ungdomsarbeidar. 

Søk opptak Vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall Vg3
Sum timetall per uke 32
Norsk 10
Historie 5
Naturfag 4
Matematikk 6
Kroppsøving 2
Programfag 5

vegen vidare

Med studiekompetanse kan du søkje opptak til høgare utdanning i Noreg. Dette gjer du gjennom Samordna opptak. Her får du og informasjon om kva for opptakskrav som gjeld for dei ulike studia.

 Har du ikkje bestemt deg for kva du vil studere? Då kan du få gode tips på utdanning.no.

Utdanning.no Søk høgare utdanning