
Førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme - Rettleiar
Fylkestinget i Hordaland vedtok 04.10.2017 Handlingsplan for førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme. Eitt av tiltaka i planen er å gjere kjent ein rettleiar for korleis ein skal handtere situasjonar der ein møter personar som står i fare for å bli radikalisert. Arbeidet med førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme i Hordaland blei initiert gjennom samarbeid med Bergen kommune, som i 2015 vedtok ein handlingsplan.
Med denne rettleiaren ønskjer Hordaland fylkeskommune å gje eit praktisk verktøy for å følgje opp og førebyggje at personar blir radikalisert. Han er retta mot tilsette i førstelinjetenesta som grunnskule, vidaregåande skule, barnehagar, NAV, barnevern og liknande, men vil òg vere relevant for andre.
Rettleiaren er utarbeidd av Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune i tett samarbeid med RVTS Vest (Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging – region vest). Politiet er også ein viktig samarbeids- partnar. Innhaldet i rettleiaren er delvis henta frå rettleiarar utarbeidd i andre kommunar og regionar samt regjeringa sin rettleiar.