Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Fråværsordninga i vidaregåande skule

Skulen har laget et informasjonsskriv om 10% regelen, fråvær, kronisk sjukdom, korleis å dokumentere sjukdom, førarkort, sjølvstudie, eigenmeldingar og vitnemål. Elevar og føresette får informasjon om fråværsreglar ved oppstart kvar haust og vi ber dykk lese informasjonsskriv om fråvær.

Informasjon til elevar og føresette om fråværsreglar

Noko av fråværet skal ikkje førast:

  • avtale med rådgjevar ved skulen
  • utredning med PPT/OT
  • organisert studiearbeid (sjølvstudie) som er avtalt med faglærar i forkant elevrådsarbeid o.l. som er godkjent av skulen
  • avtalt samtale med rektor eller andre tilsette
  • intervju til læreplass

Noko av fråværet skal førast på vitnemål, men ikkje telle opp mot 10% regelen:

  • helse- og velferdsgrunnar
  • arbeid som tillitsvald
  • politisk arbeid
  • hjelpearbeid
  • lovpålagt oppmøte
  • representasjon i arrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå, f.eks. idrett eller kultur

Søknad til rektor

Elevar med meir enn 10 % udokumentert fråvær, vil ikkje kunne få halvårsvurdering eller standpunkt i fag. Elevar med meir enn 10% udokumentert fråvær, men ikkje meir enn 15%, kan søkje rektor om dispensasjon frå regelen. Ein må då forklare årsaka til fråværet. Rektor kan då vurdere om eleven har særlege grunnar til å likevel å kunne få vurdering i fag. Slike grunnar kan være vanskelege heimeforhold, spesielle behov eller andre særlege grunnar. Elev søker rektor via faglærar. Skulen har skjema som skal fyllast ut og signerast av elev og faglærar.

Ferie/permisjon

Feriereiser i skuletid er udokumentert fråvær og vil bli talt opp på vitnemål / 10% regelen. Elevar kan søke kontaktlærar og faglærar om sjølvstudie for 1 dag, men må søke rektor om permisjon/sjølvstudie dersom ein elev treng fleire dagar.

Fråvær på vitnemål

Opp til 10 dagar fråvær grunna helse – og velferdsgrunnar, politisk arbeid m.m. kan fjernast frå vitnemål dersom elev søker rektor før skuleslutt og kan dokumentere sitt fråvær etter desse grunnane. Elev kan få hjelp av kontaktlærar eller rådgjevar til søknad, men må sjølv dokumentere desse dagane ved å ta vare på all dokumentasjon som dei levera inn til skulen som gjeld deira helse – og velferdsgrunnar. Dokumentasjon kan leverast til kontaktlærar som tek vare på kopi i ein eigen perm.

Førarkort

Ved Os vgs legg vi til rette for at elevane skal kunne ta førarkort (ein sentral kompetanse innanfor ei rekke av våre programområde). Vi tilbyr derfor elevar om å avtale sjølvstudie med faglærar på dagar og timar kor dei skal ha køyretimar. Dette må gjerast i god tid (minst ei veke i forkant) og det må passe med lærar sin plan for timane. Elevar kan ikkje nytte dei same timane kvar veke og har ei plikt til å møte på vurderingssituasjonar. Elevar har ikkje krav på sjølvstudia i følgje regelverket og køyretimar er ikkje dokumentert fråvær, men dei kan søke om sjølvstudie i fag via faglærar og evt. heile dagar via kontaktlærar. Dei bør i stor grad også nytta tid i feriar og fridagar til timar.

Kronisk sjukdom

Elevar med kronisk sjukdom må få ein attest frå legen (eller behandlaren) sin og levere denne inn til skulen så raskt som mogleg. Kronisk sjukdom kan vere både fysiske og psykiske plagar over lengre tid. Elever kan sjølv dokumentere fråværet sitt ved kronisk sjukdom og brukar då skriftleg eigenmelding. For elevar over 18 år held det at dei sender ein SMS eller melding til lærar. Elevar under 18 år treng føresette sin signatur for å kunne dokumentere fråværet sitt. Elevar har 14 dagar på å dokumentere fråværet sitt overfor skulen for å oppretthalde karakteren «god orden». Kan ein dokumentere kronisk sjukdom ved terminslutt når varsel er gitt, kan ein bruke ei generell eigenmelding/oversikt over alle dagane dei har vore sjuke grunna kronisk sjukdom.

Vanleg sjukdom

Vanleg sjukdom (influensa, feber, hovudverk) kan berre dokumenterast av lege. Det er ikkje naudsynt for elev å dokumentere slikt fråvær før dei er nære grensa på 10% udokumentert fråvær. Det er ikkje lov å nytta sjølvstudie grunna sjukdom. Det strid mot det sentrale regelverket.

Varsel til elev og føresette

Elevar over 18 år eller føresette skal varslast skriftleg dersom ein elev står i fare for å ikkje få halvårsvurdering eller standpunkt i fag. Varsel skal sendast før elev har 10% udokumentert fråvær. Unntak er i fag med berre to timar i veka (elev måtte då varslast etter fråvær frå 1 dobbelttime på hausten). Varsel skal sendast tidlegast når elev er over 10% udokumentert fråvær (2 x 2 timar fråvær) og elev får vurdering i fag så lenge dei ikkje har meir fråvær frå dato varsel blir motteke. Dersom elevar eller føresette ikkje blir varsla av faglærar, har elev rett på vurdering i fag trass i for høgt fråvær. Unntak er situasjonar der ein elev ikkje har sikra at lærar har vurderingsgrunnlag i fag grunna høgt fråvær eller fråvær på fleire vurderingssituasjonar. Elevar kan ikkje få vurdering i fag dersom dei ikkje stiller på vurderingssituasjonar.

IV, standpunkt og privatistordning

Dersom ein elev har for høgt udokumentert fråvær i årstimar i eit fag og ikkje kan dokumentere desse timane innanfor ein rimeleg frist, vil ikkje eleven kunne få standpunkt i eitt eller fleire fag (IV). Skulen må fatte eit vedtak om IV i fag grunna fråvær (så snarleg som mogleg) og elev har 10 dagar klagefrist. Elev må så melde seg av fag for å melde seg som privatist. Frist for privatist er 1.februar og 15.september. Rektor kan gi elev lov til å følgje undervisning/hospitere, utan å kunne oppnå vurdering i fag, men elev vil då kunne få verdifull opplæring i fag før ein privatisteksamen.

Elevar og føresette kan lese meir om fråværsreglar på Udir sine nettsider. https://www.udir.no/regelverkstolkninger/opplaring/Vitnemal/fravarsgrense---udir-3-2016/

Ta kontakt med skulen dersom dykk har spørsmål. Rådgjevar eller kontaktlærar kan hjelpe dykk ved behov.