Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevundersøkinga

Informasjon til elevar, lærarar og føresette. Les dette før de gjennomfører Elevundersøkinga.

Kva er føremålet?

Føremålet med brukarundersøkingane frå Utdanningsdirektoratet er at elevar skal få seie si meining om læring og trivsel på skolen. Resultata frå brukarundersøkingane blir ikkje sletta, men lagra etter forskriftene, og nytta av skular, skuleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen som ei hjelp til å analysere og utvikle læringsmiljøet. Data frå undersøkingane kan òg bli brukte til forskingsføremål. Delar av resultata frå Elevundersøkinga blir publiserte på nettstaden www.utdanningsdirektoratet.no/skoleporten.

Korleis skal undersøkingane gjennomførast?

På hausten er det obligatorisk for kommunane/fylkeskommunane/skolane å gjennomføre Elevundersøkinga.

Det er frivillig å svare på undersøkingane, og du kan velje å hoppe over spørsmål dersom du opplever nokre av dei som ubehagelege, eller det er nokre spørsmål du ikkje vil svare på.

Behandlingsansvar og personvern

Den behandlingsansvarlege har ansvaret for å sikre at opplysningane blir behandla i samsvar med krava i personopplysningslova frå 14. april 2000 nr. 31. Det er berre den behandlingsansvarlege som har tilgang på grunnlagsdata.

Utdanningsdirektoratet er behandlingsansvarleg for dei opplysningane som blir behandla i Elevundersøkinga. Direktoratet har teke alle førehandsreglar for å sikre full konfidensialitet under behandlinga av grunnlagsdata frå Elevundersøkinga.

Den som svarer, gir ikkje opp namn, og det er lagt opp til svært strenge reglar for å vise resultata frå undersøkingane både til skolane sjølve, skuleeigarane og dei statlege utdanningsstyresmaktene. Dette er gjort for å redusere faren for indirekte gjenkjenning av personar som har svart.

Har du spørsmål?

For meir informasjon kontakt skolen din eller Utdanningsdirektoratet. Du finn òg mykje informasjon på www.udir.no/undersokelser.