Datahjelp
IKT-kontoret ligg i A-blokka, ved kantina. Her kan du få veiledning til dataen din.
Treng du brukarnamn og passord?
Meir om elev-pcDet kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her
Vi har 32 klassar i år, og dei 32 tillitsvalde utgjer elevrådet ved skulen. Elevrådet skal ta seg av oppgåver som har med arbeidsforholda og velferdsinteressene til elevane å gjere. Det skal hjelpe til med å skape gode forhold og trivsel på skulen.
Elevrådet representerer elevane overfor rektor og andre som bestemmer på skulen. Er det noko du ikkje er nøgd med på skulen, kan du ta det opp i elevrådet.
Sigrid Isdal og Venke Nordeide er elev- og lærlingombod i Vestland fylkeskommune og jobbar for at du som er elev eller lærling skal få rettferdig behandling.
Lurer du på noko som gjeld skulekvardagen din? Er du usikker på kva som er innanfor? Kva som er greitt og kva som er ugreitt når du er lærling? Får du opplæringa du har rett på? Opplever du at noko er urettferdig?
Dette og meir kan du snakke med Sigrid eller Venke om. Dei passer på rettane dine og informerer deg om ansvaret ditt. Dei har teieplikt!
Les mer om elev- og lærlingombodetMeir info om Sigrid Isdal
Meir informasjon finn du på Vestland fylkeskommune si nettside. Du finn dei også på Snap (Elombud) og på Facebook (Elev- og lærlingombodet i Vestland).
Hos rådgivarane får du personleg rettleiing som gjer skulegangen enklare.
Du finn oss i 2. etg. i A-blokka.
IKT-kontoret ligg i A-blokka, ved kantina. Her kan du få veiledning til dataen din.
Treng du brukarnamn og passord?
Meir om elev-pcSkulen har open kantine, kvar dag mellom kl. 08.00 og kl. 14.30. Her finn du mykje variasjonar mellom smurte bagettar, salatar, varmmat og drikke.
Biblioteket vårt ligger i første etasje like ved kantina. Som moderne bibliotek fyller det mange fleire funksjonar enn utlån av bøker. Her finner du ein plass å vera med venner, eller ein roleg plass å sitte i friminutta. Du finn sjølvsagt også ymse tidsskrift, fagbøker og litteratur i forskjellige sjangre. Bibliotekaren tilbyr også skrivehjelp.