Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Vg3 Yrkessjåfør (19 veker) Landslinje

Vg3 Yrkessjåfør gir gratis opplæring til førarkort i tunge klasser til lastebil, buss og vogntog. Kurstilbodet er ei landslinje. Det betyr at du kan søkje plass hos Os vgs uansett kvar i landet du bur. Os vgs gir gratis opplæring og du betaler kun for lærebøker og gebyrer. (ca. kr. 10.000.-)

Os vgs tilbyr ei komplett yrkessjåføropplæring. I tillegg til føraropplæring får du og opplæring til:

  • Yrkessjåførkompetanse i Gods- og personaltransport i forhold til opplæringskrav i forskrift om grunnutdanning for yrkessjåførar (Yrkessjåførforskrifta).
  • Truckførarbevis for truck inntil 10 tonn.
  • Grunnkurs ADR-kompetansebevis for vegtransport av farleg gods.

Det blir gjennomført to kurs i året.

  • Kursstart: Medio januar og medio august
  • Søknadsfristar: 1. desember og 1. juni
  • Elevar som ønskjer førarkort klasse D og C vært prioritert

Vi tar imot søknadar heile året. Søknadsskjema får du ved å venda deg til skulen på E-post: post.osv@hfk.no eller tlf.: 56 56 56 00, eller klikk lenka under.

Last ned søknadsskjema

I løpet av kurset vil det bli halde teoretiske og praktiske førerprøvar i:

  • Klasse C (lastebil) og D (buss) 
  • Klasse CE (vogntog)
Lenke til Trafikkopplæringsforskrifta § 7-2

Andre eksamener er:

  • Yrkessjåførkompetanse godstransport
  • Utviding av yrkessjåførkompetanse – persontransport
  • ADR - grunnutdanning – stykkgods
  • Teoretisk og praktisk prøve til truckførerbevis (inntil 10 tonn)

I tillegg til førerkortopplæring, inneheld kurset også ei transportrelatert utdanning som dekker Gods- og Persontransport i forhold til opplæringskrav i Forskrift om grunnutdanning for yrkessjåførar (Yrkessjåførforskrifta). Denne opplæringa består av 6 modular og er delt i fire hovudområde. Du må være til stade på all obligatorisk undervisning og 90% av den andre undervisninga.

Det vert undervist i:

  • Bransjeteknikk – henta frå læreplan Vg2 Transport og logistikk.
  • Transport og logistikk – henta frå læreplan Vg2 Transport og logistikk.
  • Transport – henta frå læreplan Vg3 Opplæring i bedrift, Yrkessjåførfaget.
  • Planlegging og drift – henta frå læreplan Vg3 Opplæring i bedrift, Yrkessjåførfaget.

Dette gir deg delkompetanse i forhold til fagbrev for yrkessjåfør, byggjer du på med resterande teori vil du etter å ha praktisert i yrket i minst 4 ½ år kunna gå opp til fagprøve. Normalt er praksiskravet til fagbrev 5 år, men vårt kurs gir deg 6 månadar frådrag i denne praksistida.

Du kan søkjelån og stipend i Statens lånekasse for utdanning hos lånekassen.

Kursplassane blir fordelt mellom søkjarar til dette kurstilbudet og elevar med lærekontrakt i yrkessjåførfaget. Elevar som har lærekontrakt i yrkessjåførfaget har fortrinnsrett.

Pc i undervisning

Kurset har krav om å ta med eigen Pc til bruk i undervisning.

Inntakskrav på Vg3 Yrkessjåfør 19 veker:

  • 21 år eller eldre

Du må ha vitnemål, årskursbevis eller kompetansebevis fra eit av følgjande grunnkurs/Vg1-kurs:

  • Studieførebuande Vg1
  • Service og samferdsel Vg1
  • Teknikk og industriell produksjon - Vg1
  • Mekaniske fag - Grunnkurs
  • Elektrofag - Grunnkurs
  • Allmennfag - Grunnkurs
  • Økonomiske og administrative fag - Grunnkurs

I tillegg må følgjande krav tilfredsstillast:

  • Førerkort klasse B
  • Tilfredsstilla helsekrav for førerkort klasse C, CE og D
  • Må leggje fram helseattest ved kursstart.
Viktig informasjon om helseattest

NB! Det er krav om at eksamen vert gjennomført på norsk. Manglande norsk språkkunnskap er ikkje grunnlag for å få tilrettelagt prøve (munnleg), eller bruke tolk.

Kandidatar som skal gå opp til førarprøve for førerett i klassene C1, C1E, C, CE, D1, D1E, D eller DE, eller for annen kompetanse i yrkes messig trafikk, må likevel gjennomføre prøven på norsk, jf. Trafikkopplæringsforskrifta § 29-1.

Lenke til Trafikkopplæringsforskrifta § 29-1

Med søknaden skal følgje:

  • Attestert kopi av førarkort klasse B.
  • Attestert kopi av vitnemål / kompetansebevis.
  • Arbeidspraksis.

Rangering av søkjarar:

Ved rangering skal søkjarar frå heile landet stille likt. Dersom det er fleire søkjarar enn plassar, vert søkjarane rangert etter poengsum frå grunnkurset eller Vg1.

Vidare vert plassane fordelt i følgjande prioritert rekkefølgje:

  • Søkjarar utan fullført studie- eller yrkeskompetanse går føre søkjarar med tidlegare fullført studie eller yrkeskompetanse.
  • Eldre søkjarar går føre yngre.

Vurdering

  • Eleven skal ha karakter i kvart av dei fire hovudområda bransjeteknikk, transport og logistikk, transport, og planlegging og drift.

Kompetanse/dokumentasjon

  • Etter gjennomgått opplæring får eleven delkompetanse innan yrkessjåførfaget. Kurset gir eit halvt års godskriving i læretid i eit eventuelt seinare læreforhold, og tilsvarande godskriving av praksistid ved oppmelding til fagprøve.
    Det vert skrive kompetansebevis ved gjennomført kurs.
Last ned boklister til yrkessjåfør Les meir om yrkessjåfør hos vegvesenet Sjekk ut prisar hos Statens vegvesen Les også om lærlingar innan Yrkessjåfør