Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Teknikk og industriell produksjon

Teknikk og industriell produksjon er ei yrkesfagleg utdanning. På VG2 kan du velje mellom mange fagområde. Etter 2 år på skule er det vanleg å søke læreplass for å ta fagbrev. Både før og etter læretida kan du ta påbygging til generell studie-kompetanse.

Vi tilbyr:

  • Vg1 Teknikk og industriell produksjon (TIP)
  • Vg2 Industriteknologi (IND)

Osterøy vidaregåande skule har ein  lang og god tradisjon innan mekaniske fag. Vi har nye verkstadlokale med moderne utstyr og ein lærarstab med lang erfaring og brei kompetanse innan tekniske fag og industrifag. Vi kan tilby et godt sosialt miljø, og gjer det vi kan for at du som elev skal trivast hos oss. Vi har også eit nært og godt samarbeid med lokal industri slik at elevane får utplassering i bedriftene.

På verkstadene får elevane utfolda seg praktisk. Vi har både manuelle og datatstyrte dreiebenkar og fresar som gir eit godt inntrykk av det som blir brukt i industrien i dag.

Søk opptak

Kvifor velja Teknikk og industriell produksjon?

På Teknikk og industriell produksjon vil du få ei opplæring som skal bidra til ei brei teknisk fagplattform som er etterspurd i mange bransjar. Du må kunna arbeida nøyaktig, sikkert og systematisk.

Utdanningsprogrammet TIP er inngangsporten til ei lang rekkje spennande yrke, som til dømes CNC-operatør, sveisar, platearbeidar, industrimekanikar og industrirøyrleggjar.

 

Les meir på vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall VG1 Timetall VG2
Sum timetall per uke 35 35
Norsk 2 2
Engelsk 3 2
Matte 3 0
Naturfag 2 0
Kroppsøving 2 2
Samfunnsfag 0 3
Produksjon 7 7
Tekniske tjenester 5 0
Dokumentasjon og kvalitet 5 5
Reparasjon og vedlikehald 0 5
Prosjekt til fordjuping 6 9

Første året

Oster+©y_vgs_ (27 of 118).jpg

Vg1 Teknikk og industriell produksjon

I løpet av skuleåret Vg1 Teknikk og industriell produksjon lærer du mellom anna å meistra teknisk teikning, fresing, dreiing, hydraulikk, pneumatikk, montering, sveising og HMS/dokumentasjon.

Gjennom opplæringa skal du utvikla praktiske ferdigheiter, fagleg innsikt, refleksjon og evnen til kritisk vurdering.

Læreplan Vg1 teknikk og industriell produksjon

 

 

Andre året

Oster+©y_vgs_ (12 of 118).jpg

Vg2 Industriteknologi

Industriteknologi er den breiaste av TIP-retningane der du etterpå kan velja mellom 23 mogelege yrkesfag. 

Innafor industriteknologifaget lærer du å skjera, kutta, saga, sveisa, fresa, stansa, lokka og forma etter arbeidsteikningar. Ikke minst får du testa og setja saman enkle konstruksjonar ved hjelp av stål, lettmetall og nye materialtypar. 

Programområdet Industriteknologi skal legge grunnlag for yrkesutøving innan mekanisk og teknisk industri, prosessindustri og grafisk produksjon. Denne typen industri er prega av kontinuerlig teknologisk utvikling med økende grad av automatisering og datastyring av arbeidsprosesser.
Vg2-klassen held til i same lokala som Kompetansesenteret for CNC og robot, og har såleis tilgang til moderne CNC-maskiner og robotar.  Dei som meistrar programmering og bruk av slike maskiner er etterspurde på arbeidsmarknaden.

Læreplan Vg2 Industriteknologi

ut i lære

Etter to år i skule kan du søke læreplass i godkjende lærebedrifter.

 Vil du vite korleis du søker læreplass, kva bedrifter som er godkjende lærebedrifter eller vil søke læreplass kan du bruke lenkjene under.

Søk læreplass

kontakt oss

Assisterende rektor
Profilbilde av Vidar Tufteland

Vidar Tufteland

Send e-post