Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Studiespesialisering

Ønsker du å studere ved universitet eller høgskule? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Vi tilbyr:

  •  Breiddeidrett 1 og Breiddeidrett 2 som valfritt programfag på Vg1 og Vg3
  • Vi tilbyr Toppidrett fotball som valfritt programområde eit av åra.
  • Utanlandstur på Vg2
  • Små grupper med god oppfølging frå lærarane

 

Søk opptak

Kvifor velja studiespesialisering?

Er draumen å bli lærar, ingeniør, advokat eller arkitekt? Eller kanskje du vil arbeida som IT-konsulent, økonom, lege, psykolog eller politi?

Studiespesialisering er det utdanningsprogrammet som gir det breiaste grunnlaget for vidare studium ved høgskular og universitet - og fører med dette til mange ulike yrke. Studiespesialisering fører fram til studiekompetanse og tek utgangspunkt i teoretiske fag.

Les meir på vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall VG1 Timetall VG2 Timetall VG3
Norsk 4 4 6
Matte 5 3 0
Engelsk 5 0 0
Geografi 2 0 0
Samfunnsfag 3 0 0
Framandspråk 4 4 0
Kroppsøving 2 2 2
Naturfag 5 0 0
Historie 0 2 4
Religion og etikk 0 0 3
Programfag 0 15 15
Sum timetal per veke 30 30 30

Første året

Oster+©y_vgs_ (101 of 118).jpg

Fagtilbod

På Vg1 er alle fag med unntak av matematikk og framandspråk fellesfag. For skuleåret 2018 / 2019 tilbyr vi føljande framandspråk:

  • Tysk nivå 1 og nivå 2.
  • Spansk nivå 2

Det er vanleg å halda fram med det framandspråket du hadde på ungdomsskulen. Tysk 1 er i utgangspunktet eit tilbod til deg som ikkje hadde framandspråk på ungdomsskulen, men òg eit alternativ til deg som har hatt eit framandspråk på ungdomsskulen som me ikkje tilbyr.

I matematikk må du velja mellom teoretisk matematikk (1T) og praktisk matematikk (1P).

I tillegg til fellesfaga har vi og tilbod om breiddeidrett 1 på Vg1.

Læreplan Vg1 Studiespesialisering

 

Andre året

Oster+©y_vgs_ (39 of 118).jpg

Fagtilbod

På Vg2 må du velja mellom to programområde, realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi. Du må ha fordjuping i to fag frå same programområde over to år. I tillegg kan du velja fag uavhengig av programområde.

For skuleåret 2018/2019 tilbyr vi følgjande fag:

Språk, samfunnsfag og økonomi:

  • Internasjonal engelsk
  • Økonomistyring
  • Sosiologi og sosialantropologi

Realfag:

  • Matematikk R1 og S1
  • Fysikk 1
  • Kjemi 1
  • (vi tilbyr fysikk 1 og biologi 1 annan kvart år)

(Med atterhald om nok søkjarar for å setja i gang fag).

Læreplan Vg2 Studiespesialisering

 

 

Tredje året

ImG_3027.JPG

Fagtilbod:

På Vg3 må du fortsetja med to programfag innan ditt område. I tillegg må du ha eit tredje fag.

For skuleåret 2018/2019 tilbyr vi følgjande fag:

Språk, samfunnsfag og økonomi:

  • Samfunnsfagleg engelsk
  • Økonomi og leiing
  • Sosialkunnskap

 Realfag:

  • Matematikk R2
  • Matematikk S2
  • Kjemi 2
  • Fysikk 1 (vi tilbyr fysikk 1 og biologi 1 annankvart år)

 Valfritt programfag:

  • Breiddeidrett 2 (Breiddeidrett 1)

Med atterhald om nok søkjerar for å setja i gang kvart fag.

Læreplan Vg3 Studiespesialisering

 

vegen vidare

Med studiekompetanse kan du søkja opptak til høgare utdanning i Noreg. Dette gjer du gjennom samordna opptak. Her får du òg informasjon om kva slags opptakskrav som gjeld for dei ulike studiane.  Har du ikkje bestemt deg, kan du få gode tips på utdanning.no.

Kontakt oss

Avdelingsleiar Studiespesialisering
Profilbilde av Hilde Saugerud Standnes

Hilde Saugerud Standnes

Send e-post