Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her
Vi tilbyr opplæring i tilrettelagte grupper for elevar som har behov for det. Gruppene er knytt opp mot eit utdanningsprogram. Opplæringa tar utgangspunkt i dei faga eller delar av faga som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.
Arbeidstrening er eit tilrettelagt undervisningstilbod til elevar som treng ekstra oppfølging i skulekvardagen.
Dette skuletilbodet er for deg som treng alternativ læreplan i eit, fleire eller alle fag. I tillegg til undervisning i fag, får du høve til å førebu deg på arbeidslivet, både teoretisk og praktisk gjennom arbeidsutplassering. Du får tett oppfølging og kan få tilpassa undervisning i alle fag. Det er også mogleg å følgja undervising i eit eller fleire fag i ordinær klasse.
Kvardagslivstrening er eit skuletilbod til elevar som har trong for eit varig tilrettelagt omsorgstilbod.
Dette skuletilbodet er til elevar med omfattande hjelpebehov. Målet med opplæringa er å førebu eleven på eit liv etter skulen, og elevane vil trene på å verte mest mogleg sjølvhjelpne og sjølvstendige i eige liv.
Ordninga krev at eleven har enkeltvedtak om spesialundervisning. Du kan søke via nettsida vigo.no og må i tillegg fylle ut eit søknadsskjema.
Søknadsfristen er 1. februar.
Du skal kontakte rådgjevar på ungdomsskulen for å få hjelp til å søke.
Søk Meir informasjon om inntak