Bryr du deg om andre menneske? Er du god på kommunikasjon? Likar du å jobba saman med andre?
Helse- og oppvekstfag er eit utdanningsprogram som fører fram til yrke som til dømes helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar, hudpleiar, ambulansearbeidar, farmasiteknikar og fotterapeut. I faget prosjekt til fordjuping er elevane utplasserte ein dag i veka stort sett heile skuleåret.
Dette programmet passar for deg som likar å arbeida med menneske, har evne og vilje til å samarbeida, samtidig som du kan ta avgjerder på eiga hand.
Frå og med hausten 2020 tilbyr vi Toppidrett fotball som programfag på Yrkesfag.
Læreplan Vg1 Helse- og oppvekst