På Vg1 Elektro og datateknologi møter du desse tre programfaga:
- Automatiseringssystem
- Elenergisystem
- Data- og elektronikksystem
I tillegg har vi faget Prosjekt til Fordjuping (PTF).
Frå og med hausten 2020 tilbyr vi Toppidrett fotball som programfag på Yrkesfag.
Undervisninga vekslar mellom praksis og teori. I teoridelen lærer du mellom anna å tolka instruksjonar, teikningar og lovverk. Den praktiske delen føregår i ein eigen elektroverkstad der du m.a. lærer om bruk av ulike verktøy og instrument.
Læreplan Vg1 Elektro og datateknologi