Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevtenester

Alle elevar i grunnskulen og vidaregåande skule har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø, som fremjar helse, trivsel og læring.

Elevtenesta

Elevtenesta vil bidra til å gjere skulekvardagen best mogeleg for deg som elev. Skulen ønskjer at du skal oppleve eit trygt og godt skulemiljø, og oppleve fagleg meistring og personleg utvikling.

Treng du nokon å snakke med? Treng du studierettleiing? Treng du hjelp til å søke om stipend? Har du behov for tilrettelagd eksamen, eller har du behov for spesialundervisning? Dette er nokre av det vi kan hjelpe deg med.

Av og til kan det vere slik at du treng hjelp frå andre instansar som pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), Oppfølgingstenesta (OT), barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), NAV, barnevern eller politi. Vi kan hjelpe deg med å få kontakt med desse og samarbeider tett med alle tenestene.

Vårt fokus er at du skal ha ei god tid som elev på Osterøy vidaregåande skule.

 

Helsesjukepleiar

Helsesjukepleiar Beate Kleppe er tilgjengeleg på skulen kvar onsdag frå 08.30–14.00.

Helsesjukepleiar har open dør. Det vil seie at du som er elev ved skulen ikkje treng å bestille time. Avtale hos helsesjukepleiar blir rekna som gyldig fråvær når det er dokumentert. Helsesjukepleiar har teieplikt, og tilbodet er gratis.

Meir om Helsesjukepleiar

 

 

 

Skulepsykolog

Psykolog Susan Ellis er tilgjengeleg for alle elevane på Osterøy vgs kvar tirsdag mellom kl 08:30 og 11:45.

Dersom du ønsker time, ta kontakt direkte på e-post eller via lærar eller avdelingsleiar.

Du kan og ta direkte kontakt med Susan i friminuttane. Då har ho open dør.

Send e-post

Desse er med i elevtenesta

 Dette året er det Line Brudvik Myhr som er leiar for elevtenesta. Ho har i samarbeid med resten av teamet ansvar for at du som elev får støtte frå dei som kan hjelpe deg best.

Avdelingsleiar Elektro og datateknologi/Teknologi- og industrifag
Profilbilde av  Line Brudvik Myhr
Line Brudvik Myhr
56194002

 

Avd. leiar Helse- og oppvekstfag/Tilrettelagte grupper
Profilbilde av  Hilde Skjærstad
Hilde Skjærstad
56194004

 

Ass.rektor/avd.leiar Studiespesialisering
Profilbilde av  Hilde Saugerud Standnes
Hilde Saugerud Standnes
56194005


Nina Rødseth er skulen sin rådgjevar og er ein del av skulen si elevteneste. Ho arbeidar med det psykososiale miljøet på skulen og samarbeider tett med mellom anna avdelingsleiarar, helsesjukepleiar og Rettleiingstenesta. Nina er ansvarleg for ulike trivselsfremmande tiltak, og nokre eksempel på slike tiltak er:

  • Aktivitetar i regi av elevmentorane
  • Aktivitetar ved skulestart
  • Aktivitetar i den enkelte klasse og fellesaktivitetar for heile skulen
  • Samarbeid med elevrådet
  • Ettermiddagsaktivtetar på skulen

    Rådgjevar
    Profilbilde av  Nina Rødseth
    Nina Rødseth
    56194007





Elevrådet og skulemiljøutvalet

Du kan vera med å bestemma over skulekvardagen gjennom elevrådet og skulemiljøutvalet.

Elev- og lærlingombod i Vestland

Hjå elev- og lærlingombodet kan elevar og lærlingar få råd, rettleiing og støtte. Dei følgjer opp førespurnader og saker, og skal vere med på å kvalitetssikre opplæringa i skule og lærebedrift. Dei skal også vere ein pådrivar for at dei som jobbar med vidaregåande opplæring oppfyller pliktene dei har etter opplæringslova.