Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Helsesjukepleiar

Helsesjukepleiar Beate Kleppe er på skulen kvar onsdag frå 08.30 – 14.00.

 Helsesjukepleiar har open dør. Det vil seie at du som er elev ved skulen ikkje treng å bestille time. Avtale hos helsesjukepleiar blir rekna som gyldig fråvær når det er dokumentert.  Helsesjukepleiar har teieplikt, og tilbodet er gratis.

Hos helsesjukepleiar kan du ta opp ulike emne:

  • Du  er trist eller lei
  • Søvnproblem
  • Uro
  • Kosthald
  • Vonde opplevingar
  • Prevensjon/seksualitet
  • Rus
  • Andre helsespørsmål

Helsesjukepleiar samarbeider, med eleven sitt samtykke, med foreldre og føresette, lærarar, rådgjevarar, psykolog, lege, fysioterapeut, barnevern og PPT.

Ring eller send SMS

Helsesjukepleiar kan treffast alle dagar utanom fredagar på mobil. Hugs navn når du sender SMS!

Ring helsesjukepleiar: 945 08 714

 

PS! Helsestasjon for ungdom i Lonevåg er open kvar tysdag kl 15.00 til 16.30.  Her treff du lege og helsesjukepleiar.