Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bibliotek

Skulen har nytt, flott bibliotek. Her er det mogleg å låna bøker og tidsskrift, spela spel og det er studieplassar der elevane kan arbeida med skulearbeid.  Alle elevar får låna gratis lærebøker gjennom ei utlånsordning frå skulebiblioteket.

IMG_7135.JPG

 

Opningstider

Biblioteket er ope kvar dag i skuletida, men bibliotekarane er ikkje her kvar dag. Når biblioteket er ubetjent, kan ein nytta sjølvbetjent utlån. Innlevering av bøker skjer i innleveringskassen ved bibliotek-kontoret.

Biblioteket er betjent:

Tysdag 10-14

Torsdag 10-14

Søk i biblioteksdatabasen

Utlånsreglar

Du treng lånekort for å låne bøker o.a. materiale i biblioteket. Nasjonalt bibliotekkort får du i biblioteket ved å vise fram legitimasjon.

Alt materiale som blir tatt ut av biblioteket må registrerast!

Lånekontrakt for elevar i vgs

 

bibliotek1.jpg

 

Lånefristar

  • 4 veker for bøker
  • 4 veker for lydbøker
  • 1 veke for DVD
  • 2 veker for tidsskrift          

                    

Fornye lån

Dersom ingen står på venteliste, kan du fornya låna dine. Dette kan du enten utføra sjølv i Meg & mitt  i websøket eller du kan vende deg i skranken.

Reservering

Utlånt materiale kan reserverast. Du får beskjed når utlånt materiale blir tilgjengelig for deg.

For sein tilbakelevering

Dersom bøker og anna materiale ikke blir levert tilbake i rett tid, blir det sendt purring. 3. purring blir sendt heim til eleven si heimeadresse. 

Erstatning

Eleven er ansvarleg for materiale som er lånt. Tapt eller øydelagt materiale må erstattast. Etter 3. purring utan reaksjon frå eleven, blir det sendt rekning etter gjeldande erstatningssatsar. 

Viktig om kjeldebruk Info til deg som skal skrive fordjupingsoppgåve