Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Tur til Ghana

Ghana 2017.jpg

I september 2017 drog tilsette og elevar ved Osterøy vidaregåande skule og Bergen Katedralskule til Ghana, for å gjera seg kjende med prosjektet me støttar på OD-dagen (Operasjon Dagsverk). Me støttar eit prosjekt i regi av Tore Eikelands legat, landsbyen Akokoa i Ghana. Sidan dette er eit prosjekt me ynskjer å støtta i lang tid framover, er det viktig å setja seg skikkeleg inn i prosjektet. Me hadde ein lærerik tur, og fekk sjå korleis Tore Eikeland sine verdiar vart sette ut i livet. Dei som var med frå Osterøy vidaregåande skule var elevane Dortea Ingunn Mjøs og Bettina Andrea Skår, samt lærarane Annette Hellevik og Synnøve Lid.