Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bruk av munnbind og karantene

munnbind.png

Forsterka tiltak frå og med fredag 10.12.21 - påbod om bruk av munnbind og karantene.

Frå og med fredag 10.12.21 er det påbod om bruk av munnbind i alle fellesareal ved skulen, utanom klasserom og verkstad. Munnbind vil bli tilgjengeleg for elevar og tilsette i alle klasserom, verkstad og arbeidsrom. I tillegg blir det delt ut munnbind ved alle inngangane kvar morgen i veke 50.

Osterøy kommune har sett i gong nye tiltak frå 10.12.21 kl.12.00.

  • Påbod om 10 dagar karantene for husstandsmedlemmar og tilsvarande nære til ein som har fått påvist koronavirus. Forskrifta gjeld når det er påvist koronavirus med hurtigtest eller PCR frå og med 10. desember 2021, og det ikkje er mistanke om omikronvarianten. 

  • Påbod om munnbind der det ikkje er mogleg å halde ein meters avstand innandørs på offentlege stader og arrangement.