Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Studiespesialisering

Ønskjer du å studere ved universitet eller høgskule? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Kvifor studiespesialisering?

Utdanning på høgare nivå (universitet og høgskular) krev at du må ha generell studiekompetanse for å komma inn. Ein del utdanningar krev spesiell studiekompetanse.

Som elev på studiespesialiserande utdanningsprogram kan du få både generell og spesiell studiekompetanse hos oss. Ta kontakt med skulen om du skulle ha spørsmål knytt til dette. 

Meir på vilbli.no

Våre programområde

Vg1 er felles for alle som har valt studiespesialisering. 

På Vg2 og Vg3 tilbyr vi desse programområda:

I tillegg tilbyr vi valfritt programfag i breiddeidrett.

Nytt tilbod frå hausten 2019: E-sport som valfritt programfag i toppidrett.

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetal VG1 Timetal VG2 Timetal VG3
Norsk 4 4 6
Framandspråk 4 4 0
Matematikk 5 3 0
Engelsk 5 0 0
Samfunnsfag 3 0 0
Geografi 2 0 0
Kroppsøving 2 2 2
Naturfag 5 0 0
Historie 0 2 4
Religion 0 0 3
Programfag (valfrie) 0 15 15
Sum timetal per veke 30 30 30

Første året

_DSC4706.jpg

Vg1 Studiespesialisering

Framandspråk

På Vg1 må du velje eitt framandspråk i tillegg til engelsk. Dersom du har hatt framandspråk på ungdomskulen, kan du fortsetje med det same språket på nivå II. Det språket du vel på Vg1, må du også ha på Vg2.

Dersom du ikkje har hatt framandspråk på ungdomskulen, skal du ta framandspråk på nivå I+II over 3 år. 

Vi tilbyr desse språka på Os gymnas:

  • Fransk II
  • Tysk II
  • Spansk II
  • Tysk I+II
  • Tysk I

Grupper i framandspråk på nivå II blir ikkje sett i gong dersom det er for få elevar som har språket frå ungdomsskulen. (Skuleåret 2019/2020 har vi derfor ikkje fransk nivå II på Vg1.)

På nybyrjarnivå tilbyr vi tysk. Dersom du har hatt eit anna framandspråk enn tysk på ungdomsskulen, kan du ta tysk nivå I over 2 år.

Andre året

_DSC4711.jpg
_MWF6215.jpg

Vg2 Studiespesialisering

På Vg2 må du velje programområde og programfag. Du vel fordjuping i minst to programfag frå ditt eige programområde, som du skal vidareføre i Vg3.

Realfag

  • Matematikk R1
  • Matematikk S1
  • Fysikk 1
  • Kjemi 1
  • Biologi 1

Språk, samfunnsfag og økonomi

  • Rettslære 1
  • Sosiologi og sosialantropologi
  • Entreprenørskap 1
  • Internasjonal engelsk
  • Psykologi 1

Frittståande programfag

  • Breiddeidrett 1 (dette faget tel ikkje som fordjupingsfag)

Tredje året

_MWF6180.jpg
_DSC4729.jpg

Vg3 studiespesialisering

På Vg3 held du fram med dei to programfaga du fordjupa deg i på Vg2. I tillegg vel du fritt eit tredje programfag. 

Realfag

  • Matematikk R2
  • Matematikk S2
  • Fysikk 2
  • Kjemi 2
  • Biologi 2

Språk, samfunnsfag og økonomi

  • Sosialkunnskap
  • Politikk og menneskerettar
  • Rettslære 2
  • Entreprenørskap 2
  • Samfunnsfagleg engelsk
  • Engelskspråkleg litteratur og kultur
  • Psykologi 2

Frittståande programfag

  • Breiddeidrett 2 (dette faget tel ikkje som fordjupingsfag)

Framandspråk

Elevar som ikkje hadde framandspråk på ungdomsskulen må ta Tysk I+II i Vg3. Alle andre elevar kan avslutte framandspråk etter Vg2.

Elevar som har vidareført fransk, spansk eller tysk til nivå II i Vg2, kan velje Fransk III, Spansk III eller Tysk III som programfagsfordjuping under programområdet Språk, samfunnsfag og økonomi i Vg3. Dette gir språkpoeng. Språk på nivå III blir tilbydd som nettundervisning i HFK.

Vegen Vidare

Med studiekompetanse kan du søke opptak til høgare utdanning i Noreg. Dette gjer du gjennom Samordna opptak. Her får du også informasjon om kva for opptakskrav som gjeld for dei ulike studiane.

Har du ikkje bestemt deg? Då kan du få gode tips på Utdanning.no.

 

Samordna opptak Utdanning.no

 

kontakt oss

Rådgjevar
Profilbilde av Terje Bøthun

Terje Bøthun

Send e-post 56565756
Assisterande rektor
Profilbilde av Rune Rosland

Rune Rosland

Send e-post 56565754