Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Velkomen til Os gymnas

Os gymnas ligg fint og sentralt til i Bjørnafjorden kommune. Mottoet vårt er trivsel, kunnskap og vennskap. Vi har studiespesialiserande utdanningsprogram, og vi er ein MOT-skule. Skulen er liten og oversiktleg, og det er høg trivsel her. Vi har fine og grøne omgjevnader med gode lokale.

Her finn du oss

Os gymnas ligg ved Osøyro i Bjørnafjorden kommune. Det er gode bussamband i Bjørnafjorden og til Bergen.

 Adressa vår er: Gymnasvegen 85, 5200 Os

Bilde av skulebygningen

 

Administrasjonen

Administrasjonen finn du til venstre for hovudinngangen.

Opningstidene våre er frå kl. 8.00 til kl. 15.30.

Tilsette og leiinga

Rektor er skulen sin øvste pedagogiske og administrative leiar. Rektor har ansvar for den daglege drifta, og sørgjer for at vedtaka til skulestyresmaktene vert sette i verk. Rektor skal sikra at skulen og opplæringa fungerer best mogleg, og leggja til rette for eit godt læringsmiljø.

Assisterande rektor er rektor sin avløysar, og overtek rektor sine funksjonar når ho er borte. Assisterande rektor er òg avdelingsleiar for realfag og har ansvar for timeplanar og klasselister.

Avdelingsleiar for elevtenester og språk og samfunnsfag er også bindeledd mellom elevane og leiinga ved skulen. Ho har faste møte med elevrådet og ser til at elevane sine innspel både fagleg og sosialt vert tekne hand om. Ho er leiar av skulen sitt ressursteam.

Tilsette

Kontakt oss

Rektor
Profilbilde av  Kjersti Daland
Kjersti Daland
56565752
Assisterande rektor og avdelingsleiar for realfag
Profilbilde av  Rune Rosland
Rune Rosland
56565754
Avdelingsleiar for elevtenester og språk/samfunnsfag
Profilbilde av  Hilde Paaske-Knauer
Hilde Paaske-Knauer
56565757

Administrasjonen

Administrasjonen i 1. etasje hjelper deg mellom anna med:

  • legitimasjonskort (skulebevis)
  • støtte til skuleskyss
  • utfylling av skademeldingar
Konsulent
Suada Kahrimanovic Kleivane
56565759
Konsulent / Bibliotekar
Profilbilde av  Siw Merete Stokkevåg
Siw Merete Stokkevåg
56565751

Miljøfyrtårn

                                                                   Miljøfyrtårn logo
Os Gymnas blei sommaren 2018 sertifisert som Miljøfyrtårn.