Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Velkomen til Os gymnas

Os gymnas ligg fint og sentralt til i Os kommune. Mottoet vårt er trivsel, kunnskap og vennskap. Vi har studiespesialiserande utdanningsprogram, og vi er ein MOT-skule. Skulen er liten og oversiktleg, og det er høg trivsel her. Vi har fine og grøne omgjevnader med gode lokale.

Her finn du oss

Os gymnas ligg ved Osøyro i Os kommune. Det er gode bussamband til heile Os og Bergen.

 Adressa vår er: Gymnasvegen 85, 5200 Os

Resepsjonen

Ekspedisjonstid: 08.00 - 15.30

Leiinga ved skulen

Rektor er skulen sin øvste pedagogiske og administrative leiar. Rektor har ansvar for den daglege drifta, og sørgjer for at vedtaka til skulestyresmaktene vert sette i verk. Rektor skal sikra at skulen og opplæringa fungerer best mogleg, og leggja til rette for eit godt læringsmiljø.

Assisterande rektor er rektor sin avløysar, og overtek rektor sine funksjonar når ho er borte. Assisterande rektor er òg avdelingsleiar for realfag og har ansvar for timeplanar og klasselister.

Avdelingsleiar for elevtenester og språk og samfunnsfag er også bindeledd mellom elevane og leiinga ved skulen. Ho har faste møte med elevrådet og ser til at elevane sine innspel både fagleg og sosialt vert tekne hand om. Ho har ansvar for MOT arbeidet, og ho er leiar av skulen sitt ressursteam.

Kontakt oss

Rektor
Profilbilde av Kjersti Daland

Kjersti Daland

Send e-post 56565752
Assisterande rektor og avdelingsleiar for realfag
Profilbilde av Rune Rosland

Rune Rosland

Send e-post 56565754
Avdelingsleiar for elevtenester og språk/samfunnsfag
Profilbilde av Hilde Paaske-Knauer

Hilde Paaske-Knauer

Send e-post 56565757

Kontoret

Kontoret i 1. etasje hjelp deg blant anna med:

  • legitimasjonskort (skulebevis)
  • støtte til skuleskyss
  • utfylling av skademeldinger

Kontorpersonalet arbeidar også med skulens daglege administrasjon.

Konsulent
Profilbilde av Suada Kleivane Kahrimanovic

Suada Kleivane Kahrimanovic

Send e-post 56565759
Konsulent / bibliotekar
Profilbilde av Siw M Stokkevåg Birkeli

Siw M Stokkevåg Birkeli

Send e-post 56565751

Drift og reinhald

Driftsleiar har kontor med eigen inngang i underetasjen. Han har ansvaret for den tekniske drifta av skulebygget.

Reinhaldspersonalet har ansvaret for reinhald på skulen. Dei har pauserom i underetasjen.

Driftsleiar
Profilbilde av Semir Mujanovic

Semir Mujanovic

Send e-post 56565758

IKT-kontor

IKT-konsulenten har ansvaret for skulens informasjonsteknologi.
Du finn han i 1.etasje ved sida av biblioteket. 

IKT-konsulent
Profilbilde av Anders Nesbø Prestegard

Anders Nesbø Prestegard

Send e-post 56565755

MOT

                                                          
Os Gymnas er ein MOT-skule. MOT er ein ideell organisasjon som har fokus på verdiar, haldningar og kommunikasjon - og skulerer ungdom i å vise mot. Mot til å leve, mot til å bry seg og mot til å seie nei.

Miljøfyrtårn

                                                                   Miljøfyrtårn logo
Os Gymnas blei sommaren 2018 sertifisert som Miljøfyrtårn.