Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Lån og stipend

Er du elev og har ungdomsrett, kan du få utstyrsstipend frå Lånekassen. Du får stipendet uavhengig av kor mykje foreldra dine tener.

Lånekassen_smal_web.jpg

Hugs at du må søkja om stipendet for å få det utbetalt. Når du søkjer, sjekkar Lånekassen automatisk om du har rett til andre stipend også, som for eksempel grunnstipend eller bustipend.

Når kan eg søkja ?

Du må takka ja til skuleplass før du kan søkja om stipend og/eller lån. Du kan ikkje søkja dersom du står på ventelisteplass, du må venta til du har takka endeleg ja til ein skuleplass.

Når du har fått skuleplass og takka ja til den i Vigo, kan du søkje om stipend på lanekassen.no. Bruk søknaden for vidaregåande opplæring. Lærlingar får ikkje utstyrsstipend, men kan ha rett til lån og andre stipend.

Korleis får eg pengane?

Når Lånekassen har behandla søknaden din, får du svar på Dine sider. Du eller foreldra dine må signere avtalen, avhengig av om du er 18 år og om du har fått lån. 

Foreldre/verje skal signere avtalen om støtte til elevar under 18 år. Vi treng berre signatur frå ein av foreldra. Foreldre med digital postkasse vil få kopi av svaret frå Lånekassen elektronisk, anten i Digipost eller e-Boks, ut i frå kva postkasse dei har valt seg. Foreldre som ikkje har valt seg ein digital postkasse, får kopi av svaret, og avtalen som skal signerast i posten. Uavhengig om foreldre har digital postkasse, eller ikkje, kan dei signere elektronisk.

Skulen må varsle Lånekassen om at du har møtt på skulen. Etter det tar det to til tre dagar før pengene er på kontoen din.