Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Lån og stipend

Er du elev og har ungdomsrett, kan du få utstyrsstipend frå Lånekassen. Dette stipendet får alle som tar vidaregåande skule. Hugs at du må søkja om stipendet for å få det utbetalt!

Lånekassen_smal_web.jpg

Kor mykje kan eg få i stipend?

I tillegg til utstyrsstipend, kan du også ha rett til andre stipend, som til dømes bortebuarstipend eller inntektsavhengig stipend. Inntektsavhengig stipend er behovsprøvd mot forsørgjarane si inntekt. Når du søkjer, må du oppgi i søknaden din at du ønskjer at Lånekassen vurderer om du har rett til inntektsavhengig stipend.. 

Når kan eg søkja ?

Du må takka ja til skuleplass før du kan søkja om stipend og/eller lån. Du kan ikkje søkja dersom du står på ventelisteplass, du må venta til du har takka endeleg ja til ein skuleplass.

Når du har fått skuleplass og takka ja til den i Vigo, kan du søkje om stipend på lanekassen.no. Bruk søknaden for vidaregåande opplæring. 

Korleis får eg pengane?

Når Lånekassen har behandla søknaden din, får du svar på Dine sider. Du eller foreldra dine må signere avtalen, avhengig av om du er 18 år og om du har fått lån. 

Foreldre/verje skal signere avtalen om støtte til elevar under 18 år. Det er nok med signatur frå ein av foreldra. Foreldre med digital postkasse vil få kopi av svaret frå Lånekassen elektronisk, anten i Digipost eller e-Boks, ut i frå kva postkasse dei har valt seg. Foreldre som ikkje har valt seg ein digital postkasse, får kopi av svaret, og avtalen som skal signerast i posten. Uavhengig om foreldre har digital postkasse, eller ikkje, kan dei signere elektronisk.

Skulen må varsle Lånekassen om at du har møtt på skulen. Etter det tar det to til tre dagar før pengane er på kontoen din.