Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Klage og sensur våren 2019

Kva kan du klage på?

  • Standpunktkarakterar
  • Eksamenskarakterar
  • Standpunktkarakter i orden og åtferd
  • Formelle feil ved munnleg eksamen
  • Viss du ikkje har fått vurdering (IV) i eit avsluttande fag

Standpunktkarakterar:

  • Klagefrist 14.6.2019 for vg3
  • Klagefrist 21.6.2019 for vg1 og vg2.

Klage på standpunktkarakter skal vere skriftleg og grunngjeven. Du kan sende på e-post til skulen eller levere på kontoret.

Eksamenskarakterar:

Sensur etter skriftleg eksamen er 18. og 19. juni 2019.

Klage vert sendt til klagenemnd som vil behandle klagen. 

For rask sakshandsaming gjeld hurtigklagefrist for nokre fag for vg3 elevar. Klage må difor vere skulen i hende seinast 24.juni kl. 14.00.

Elles er det 10 dagars klagefrist som gjeld for alle eksamenskarakterar.

Klage på eksamenskarakter skal vere skriftleg, men du treng ikkje grunngje klagen. Du kan sende på e-post til skulen eller levere på kontoret.

Send e-post