Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Ut i verda

Os gymnas har fleire internasjonale aktivitetar, både studieturar, Comenius og Moldova-prosjekt.

Studieturar i framandspråk:

Dei siste skuleåra har det vore gjennomført studieturar til Nice i Frankrike med franskgruppa i Vg2, og og med spanskklassar til Barcelona og Madrid. Det vert òg planlagt ein liknande studietur for tyskgruppa. Elevane er utplasserte i vertsfamiliar og har undervisning på språkskule på dagtid.

Comenius:

Os gymnas har delteke i Comenius-prosjektet «Neobiota - globalisation among animals and plants and how to deal with it» frå 2013-2015. I samband med prosjektet har det vore gjennomført prosjektturar til partnarskulane i Latvia, Tyskland, Polen, Italia, Nederland og Austerrike. I april 2014 var Os gymnas vertskap for partnarlanda.

Erasmus+:

Frå 2015-2017 var Os Gymnas med i eit Erasmus-prosjekt. Tema for prosjektet var sjukdomsutfordringar knytta til globalisering, med aukande migrasjon av menneske og transport av mat og varer mellom verdsdelar og over landegrenser. Elevar frå Os Gymnas fekk delta på samlingar i Latvia, Nederland, Italia og Tyskland. I februar 2017 var Os Gymnas vertskap.

Skulen er no i ein planleggingsfase om å delta i eit nytt Erasmus-prosjekt.

Moldova:

Elevrådet ved Os gymnas har vald «Hjelp Moldova» som sitt solidaritetsprosjekt. Elevane jobbar då ein dag for å samle inn pengar til «Hjelp Moldova» sitt arbeid i det fattigaste landet i Europa. I samband med dette arbeidet reiser to elevar frå elevrådet kvart år til Moldova for å sjå kva pengane har blitt brukt til, og kva som er dei neste prosjekta. I ettertid har dei ansvar for å fortelja frå turen og om prosjektet.