Fråværsgrensa
Frå 1. august 2016 blei det innført ei fråværsgrense for vidaregåande skular.
Dersom ein elev har meir enn 10 % udokumentert fråvær i eit fag, kan eleven som hovudregel ikkje få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i faget.
Viss du planlegg å vere borte frå skulen av ulike grunnar, bør du undersøke om du har for høgt fråvær i fag. Alle elevar har ansvar for at det er vurderingsgrunnlag i faga sine.
Du kan søke om studiepermisjon i nokre tilfelle. Sjå eige skjema med meir informasjon om studiepermisjon. Det må søkast minst 10 yrkedagar (arbeidsdagar) på førehand.
Viss det er planlagt fråvær på grunn av gravferd, alvorleg sjukdom i nær familie eller liknande, så kan du få innvilga velferdspermisjon.