Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Informasjon til føresette

Tysdag 10. september var det orienteringsmøte for foreldre og føresette til elevar i Vg1. Her er informasjonen som vart gitt i fellesøkta.

Presentasjon av leiing/stab:

  • Rektor: Kjersti Daland
  • Ass.rektor: Rune Rosland
  • Avdelingsleiar: Hilde Paaske-Knauer
  • Rådgjevar: Terje Bøthun

Hjelpeapparat og kontakt skule-heim

Kontaktlærar og faglærarar har den daglege kontakten med elevane. Viss det er behov for tilvising til PPT eller ekstra tilrettelegging, så kan Ressursteamet på skulen vurdere andre tiltak i samarbeid med lærarar. Hilde Paaske-Knauer er leiar for Ressursteamet.

Det er felles orienteringsmøte for Vg1 kvar haust. Seinare på hausten kjem det tilbod om individuelle utviklingssamtalar med kontaktlærar. Dette gjeld for alle elevar på Vg1 og Vg2.

Fråværsreglar

Alle elevar må melde frå om fråvær til kontaktlærar. Det er innført fråværsreglar som skil mellom dokumentert og udokumentert fråvær. Viss ein elev har meir enn 10 % udokumentert fråvær i fag, så står eleven i fare for ikkje å få vurdering i faget (IV). Eleven har eit ansvar for å passe på at fråværet ikkje vert for stort. Dette skal læraren snakke med eleven om undervegs i skuleåret. Viss ein elev får IV i to fag eller fleire, så er han/ho ikkje kvalifisert for inntak på høgare trinn.

Det vert berre unntaksvis innvilga permisjon frå vidaregåande opplæring. I nokre tilfelle kan ein elev få velferdspermisjon. I andre tilfelle kan elevane søkje om studiepermisjon/sjølvstendig studiearbeid. Dette gjeld berre for heile dagar, og gjeld ikkje for ferie.

Køyreopplæring – nye reglar frå 1.8.2019

Delar av den obligatoriske køyreopplæringa til førarkort klasse B vert no rekna som dokumentert fråvær. Dette gjeld tryggleikskurs på bane (4 timar), og andre og tredje del av tryggleikskurs på veg (9 timar). Det er ikkje gjort unntak frå fråværsgrensa for dei andre delane av køyreopplæringa, inkludert teoretisk og praktisk førarprøve.

Timeplan skuleåret 2019-2020

Innføring av ny timeplan hausten 2019 for at elevane skal få:

  • Meir fleksibel timeplan for vg1 og vg2
  • Større del av undervisninga kjem før eksamen
  • Midttime om onsdagen som mellom anna gir meir tid til å gjere lekser på skulen

Ei timeplangruppe med lærarar, leiing og elevar vil evaluere timeplanmodellen. 

Viktige tilbod som er eller kjem på Os gymnas:

  • Gratis skulefrukost kvar dag
  • Tilbod om ekstra programfag, e-sport, allereie frå Vg1.
  • Frittståande programfag innan idrett frå Vg2.
  • Leksehjelpordning
  • Deltaking i internasjonale samarbeidsprosjekt, Erasmus+, både for elevar og tilsette
  • Felles aktivitetsdagar