Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Fråvær og reglar

Her finn du informasjon om fråværsreglane og ordens- og åtferdsreglement. Her ligg også søknadsskjema du skal bruke dersom du vil søke om studiepermisjon (sjølvstendig studiearbeid).

Fråværsreglar

04.03.20: Endring i reglane for sjukefråvær 

Kunnskapsdepartementet melder at reglane for sjukefråvær blir endra, som følgje av koronaviruset.

Endringane gjeld frå 4. mars 2020 og varer til 1. august 2020.

Elevar treng no ikkje å gå til fastlegen for å få dokumentasjon ved sjukefråvær. Ved fråvær av helsegrunnar kan elevar over 18 år bruke eigenmelding, og yngre elevar kan få stadfesting frå foreldre.

Informasjon frå Kunnskapsdepartementet (lenke)

Fråværsgrensa

Frå 1. august 2016 blei det innført ei fråværsgrense for vidaregåande skular.

Dersom ein elev har meir enn 10 % udokumentert fråvær i eit fag, kan eleven som hovudregel ikkje få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i faget.

Viss du planlegg å vere borte frå skulen av ulike grunnar, bør du undersøke om du har for høgt fråvær i fag. Alle elevar har ansvar for at det er vurderingsgrunnlag i faga sine.

Du kan søke om studiepermisjon i nokre tilfelle. Sjå eige skjema med meir informasjon om studiepermisjon. Det må søkast minst 10 yrkedagar (arbeidsdagar) på førehand.

Viss det er planlagt fråvær på grunn av gravferd, alvorleg sjukdom i nær familie eller liknande, så kan du få innvilga velferdspermisjon. 

Skulereglement

Det er laga eit felles ordens- og åtferdsreglement som gjeld for alle dei vidaregåande skulane i Hordaland.

Informasjon til føresette

Tysdag 10. september var det orienteringsmøte for foreldre og føresette til elevar i Vg1. På lenka under finn du noko av informasjonen som vart gitt i fellesøkta.

Føresettepålogging til SkoleArena

Føresette til elevar under 18 år kan få tilgang til SkoleArena og få innsyn i opplysningar om fråvær og vurderingar for sitt barn. Føresette kan også melde frå om planlagt fråvær direkte i SkoleArena.

For å få tilgang til SkoleArena, må du først opprette ein brukar. Du finn brukarrettleiing i lenka under til høgre.

NB! I feltet for Skoleeier må du velje "Hordaland Fylkeskommune".