Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Vil du delta på reise til Taranto i Italia?

sbc2021.jpg

Os gymnas satsar på internasjonalisering. Eitt av våre prosjekt er eit samarbeid med skular i Belgia, Danmark, Italia og Spania. Prosjektet heiter «Students become citizens» og fokuserer på demokrati og medborgarskap. No kan du søke om å få delta på reisen til vår partnarskule i Taranto heilt sør i Italia, 16.-20. november 2021!

Erasmus+ -prosjekt ved Os gymnas

I perioden 2019-2022 deltar Os gymnas på 3 Erasmus-prosjekt, og i løpet av desse åra vil mange av våre elevar få sjansen til å reise med tilsette frå skulen til våre partnarskular i Belgia, Spania, Italia, Danmark, Nederland og Latvia. 

På grunn av Covid-19 har mange av reiseplanane blitt utsett. Det er no opna for at vi kan gjennomføre elevreiser igjen, forutsatt at det ikkje utløyser karanteneplikt når vi kjem tilbake. Det er derfor ein føresetnad at alle deltakarar er fullvaksinert.

Reise til Taranto med 5 elevar og 2 lærarar i november 2021

Neste besøk i samband med prosjektet vil vere til Taranto heilt sør i Italia, frå 16.-20. november 2021. Du kan no søke om å få delta på denne turen. NB: Det er bindande påmelding med frist 18. oktober.

Elevane bur hos vertselevar i Taranto. Vi ønsker at dei elevane som reiser stiller opp som vertsfamilie når Os gymnas skal få besøk 27.-31. mars 2022.

Os gymnas dekker både reise, opphald og mat i samband med reise, dvs. det vil kun vere behov for lommepenger. Elevane er i følgje med to lærarar, og er reiseforsikra gjennom skulen. Det vil bli eit innhaldsrikt program med fagleg arbeid rundt prosjektet, men også tid til sightseeing i nærområdet.

Vi gler oss til turen og håpar det vil vere stor interesse blant elevane for å delta på dette!

Heimesida til skulen i Taranto: https://www.liceovittorino.edu.it/

Infoskriv med foreløpig program og påmeldingsskjema (pdf)

Vedlagt to tidlegare nyheitsbrev frå prosjektet «Students become citizens» (Erasmus+):

Newsletter 1 - Students become citizens (pdf) Newsletter 2 - Students become citizens (pdf)