Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Vi startar med e-sport som nytt fag hausten 2019

Elevar spelar dataspill på mørkt datarom
Foto: Arna vidaregåande skule.

Os gymnas vil frå hausten 2019 tilby e-sport som nytt programfag. Dette er eit tilbod for elevar som er interessert i gaming, og som ønskjer seg studiekompetanse.

Os gymnas vil frå hausten 2019 tilby e-sport som nytt programfag.

Elevane kan velje e-sport som fordjuping 5 timar i veka. Faget følgjer læreplanen for programfaget toppidrett. Elevane får med dette faget opplæring i treningsplanlegging, basistrening og ferdigheitsutvikling. Dette er eit tilbod for elevar som er interessert i gaming, og som ønskjer seg studiekompetanse.

Aktuelle spel er: Counter Strike, Overwatch og League of Legends. Det er ca. 145 millionar utøvarar innan e-sport i verda. Fenomenet har i løpet av få år blitt svært populært på verdsbasis. Det er tre skular i landet som har tilbodet i dag, og frå hausten vert det til saman seks vidaregåande skular som har e-sport. I Hordaland er det no berre Arna vidaregåande skule som har dette fagtilbodet.

Dataspill som fag på skulen (Bergens Tidende 22.11.18)

Skulen vil informere om tilbodet på open kveld 13. februar.

Korleis søke e-sport?

Vi vil tilby e-sport som valfritt programfag på Vg1.
Går du på ungdomsskulen og ønskjer å ta faget e-sport på Os gymnas, må du først søke Vg1 Studiespesialisering på Os gymnas på www.vigo.no innan søknadsfristen 1. mars.

I tillegg må du fylle ut eit eige skjema: Søknadsskjema for opptak til E-sport ved Os gymnas.

E-sport vert programfag både på Vg1 og Vg2 framover.  Dersom det er stor nok interesse, vil vi starte opp med e-sport også for Vg2 allereie til hausten.