Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Utvekslingsprosjekt "Feed the Future"

20200212_Bolaks.jpg

I veke 7 hadde Os gymnas besøk av 20 elevar og 6 lærarar frå Italia, Latvia og Nederland. Besøket knyter seg til eit Erasmus pluss-prosjekt med tittelen «Feed the Future», der elevane skal arbeida med ulike tema knytt til berekraftig matproduksjon og kosthaldsvanar hos forbrukarar.

Berekraftig utvikling er elles eitt av tre tverrfaglege hovudtema i fagfornyinga i den nye læreplanen som vert gjeldande frå hausten. Tema for skulebesøket i Os var havbruk, sidan Noreg er ein viktig leverandør av sjømat til verdas matfat.

Elevane kom søndag 9.2 og blei innkvarterte hos elevar på Os gymnas. Måndag vart dei ønskte velkomne, med sosiale aktivitetar og introduksjon til Os og til Bjørnafjorden kommune. Det blei også tid til å sjå litt på det faglege programmet før dei åt velkomstmiddag levert av Osøyro kolonial.

20200211_HI.jpg

Tysdag føremiddag bar det til Havforskningsinstituttet i Bergen. Der fortalde dei om norsk og internasjonalt havbruk med fokus på utfordringar og moglegheiter i dag og i framtida. Etter lunsj på Havforskningsinstituttet drog vi til Lerøy Seafood på Marineholmen der vi fekk høyra om verksemda deira og kva fokus dei har på berekraft i produksjonslinene.

20200211_Nordnes.jpg

Onsdag var det prosjektarbeid på skulen avbrote av gruppevise besøk til Bolaks sitt fiskeanlegg utanfor Hatvik, noko både elevar og lærarar syntes var svært interessant.

Torsdag arbeidde elevane i internasjonale grupper der dei hadde i oppdrag å førebu ein debatt om havbruk som global matindustri. Elevane blei delte inn i grupper som arbeidde med å finna argument for og imot havbruk. Etter skulen reiste alle til Eikedalen for å stå alpint. For mange var det første gongen på ski, men det blei ein stor suksess.

20200213-Eikedalen.jpg

Fredag fekk vi besøk av Daniel Skotheim som heldt eit interessant innlegg om Bjørnefjorden matkultur, før elevane «braka samen» i debatt om havbruk. Det blei ein interessant debatt for oss som høyrde på elevane. Dei viste at dei hadde opparbeidd gode kunnskapar om havbruk i løpet av veka og debatterte med stort engasjement. Etter debatten var det avskjedsmiddag med TacOs frå Osøyro kolonial. Den lokale tacovarianten fall i god smak hos både lokale og utanlandske ganar. Fredag og laurdag var det så avreise for gjestene.

20200214-Gruppe.jpg

Neste utveksling i Erasmus pluss-prosjektet «Feed the Future» skjer i september 2020. Då reiser sju elevar og to lærarar frå Os gymnas til Toscana i Italia for å læra meir om lokale mattradisjonar der.