Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Toppidrett E-sport - skuleåret 2020/2021

Esport_klasserom_osg_2020.jpg

På Os gymnas kan du ta e-sport som valfritt programfag frå Vg1. Faget passar for alle uavhengig av ferdigheitsnivå, om du er hobbyspelar, satsar profesjonelt eller har eit ønske om å bli streamer eller coach.

Praktisk info

På Os gymnas kan du ta e-sport som valfritt programfag frå Vg1. 

Du kan fordjupe deg i spel som Counter-Strike: Global Offensive, League of Legends, Overwatch eller andre spel etter ditt ønskje. Om du vel andre spel må du skrive dette i søknaden, deretter vil du få beskjed om spelet blir godkjent av faglærar. Du får delta på eit lag i turneringar, i kampar mot andre skular og på LAN-events.

Kva lærer du?

Faget følgjer læreplanen til toppidrett. Dette gir ein unik moglegheit til å kombinere utvikling av tekniske ferdigheiter i favorittspelet og samtidig få kunnskap om det å ha ein sunn og aktiv livsstil og alle dei spelmessige fordelane dette gir deg. Det handlar om å kunne oppretthalde konsentrasjonen over lang tid og vere mentalt førebudd i ein kvar situasjon. I tillegg er det fokus på teambuilding, samarbeid, kommunikasjon, haldningar, analysering av eige og andre sitt spel og utvikling av gode strategiar saman med medelevar.

Korleis søker du?

I tillegg til å søkje Vg1 studiespesialisering på Os gymnas på www.vigo.no innan søknadsfristen 2. mars, må du fylle ut eit eige skjema. Her oppgir du ønska fordjupingsspel og kor mange timar du har spelt og/eller noverande rank. Dette er fordi vi ønskjer å tilpasse og legge til rette undervisninga for skuleåret 2020/2021 på best mogleg måte ut frå ditt ferdigheitsnivå. 

Søknadsskjema for opptak til e-sport ved Os gymnas.

Esport_klasserom_osg_2020-3.jpg
Esport_gymsal_osg_2020.jpg