Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Tilbod om toppidrett med fotball og e-sport

osfotball2.jpg

Os gymnas ønskjer å tilby toppidrett som valfritt programfag på Vg1 skuleåret 2021-2022.  Os gymnas samarbeider med Os Fotball om eit toppidrettstilbod i fotball. Skulen ønskjer i tillegg å tilby eit opplegg for toppidrett med e-sport som spesialisering viss det er tilstrekkeleg interesse for dette.

Programfaget toppidrett passar for deg som vil kombinere vidaregåande opplæring med å satse på idretten din på høgt nivå. Me ønskjer på denne måten å tilrettelegge for at elevar som vil satse på idretten sin, kan kombinere det med å gå studiespesialisering på Os gymnas. Elevane som vel toppidrett kan også velje fordjuping i realfag på Vg2 og Vg3, og slik få spesiell studiekompetanse.

Korleis søker du?

Du må søkje Vg1 studiespesialisering på Os gymnas på www.vigo.no innan søknadsfristen 1. mars. Du bør setje Os gymnas som første skule i søknaden. 

For å kunne registrere kor mange som er interessert i toppidrettstilbodet, ønskjer me at du i tillegg fyller ut eit eige skjema:

Her oppgir du kva idrett eller e-sport du vil spesialisere deg i. Du skal også skrive litt om ditt nivå i idretten eller spelet. Dette er fordi me ønskjer å tilpasse og legge til rette undervisninga for skuleåret 2021-2022 på best mogleg måte ut frå ditt nivå. 

Det er viktig at dei som er interessert i toppidrett-fotball skriv seg på dette skjemaet innan 24. februar. Dei som er interessert i e-sport eller anna idrett må skrive seg på før VIGO-fristen 1. mars slik at me kan melde tilbake om det er for få påmelde.

Me tek atterhald om at det er nok søkarar til å starte opp tilbodet. Dersom interessen for toppidrett er for liten til at me kan starte tilbodet, planlegg me å melde tilbake til dei som er registrert på Googleskjemaet før 1. mars.

Kva er Toppidrett?

Toppidrett gir ungdom moglegheiter til å kombinere videregåande opplæring med idrett på eit høgt prestasjonsnivå. Opplæringa skal gi utfordring, spenning, glede og meistring, samt bidra til å utvikle sjølvtillit hos den enkelte utøvar. Hovudelementa i faget er treningsplanlegging, basistrening og ferdigheitsutvikling. Det er valfaget Toppidrett 1 som er aktuelt på Os gymnas til hausten.

Les meir om toppidrett på UDIR sine sider 

Samarbeidet mellom Os gymnas og Os Fotball

Toppidrettstilbodet innan fotball skal tilrettelegge for at fotballspelarar med stor treningsiver og motivasjon skal få moglegheit til å trene med så høg kvalitet som mogleg i skuletida. Det blir lagt opp til eit tett samarbeid mellom skule og klubb slik at treningskvardagen skule/kveld blir tilpassa med tanke på belastning, utviklingsmål og fokusområde. Overordna prinsipp for treningsopplegget i fotball vil vere:

  • Spesifisitetsprinsippet. Fotball og basistrening.
  • Tempo og intensitet.
  • Kamplike situasjoner med stor kompleksitet.
  • Fokus på val og utføring med avgrensa tid og rom.
  • Individuelt fokus. Utvikling av enkeltspelaren står sentralt.

Utveljinga av søkarar som kvalifiserer til toppidrett fotball blir gjort av hovudtrenarane basert på søkaren og andre (trenar m.fl.) sin dokumentasjon og kjennskap til utøvarane. For å få tid til dette må søkarar til toppidrett fotball registrere seg på Googleskjemaet innan onsdag 24. februar.

Spesialisering i e-sport

Esport_klasserom_osg_2020.jpg

Du kan fordjupe deg i spel som Counter-Strike: Global Offensive, League of Legends, Overwatch eller andre spel etter ditt ønskje. Faget passar for alle uavhengig av ferdigheitsnivå, om du er hobbyspelar, satsar profesjonelt eller har eit ønske om å bli streamer eller coach. Du får delta på eit lag i turneringar, i kampar mot andre skular og på LAN-events.

Faget følgjer læreplanen til toppidrett. Dette gir ein unik moglegheit til å kombinere utvikling av tekniske ferdigheiter i favorittspelet og samtidig få kunnskap om det å ha ein sunn og aktiv livsstil og alle dei spelmessige fordelane dette gir deg. Det handlar om å kunne oppretthalde konsentrasjonen over lang tid og vere mentalt førebudd i ein kvar situasjon. I tillegg er det fokus på teambuilding, samarbeid, kommunikasjon, haldningar, analysering av eige og andre sitt spel og utvikling av gode strategiar saman med medelevar.

E-sport har i løpet av få år blitt svært populært, også som ein publikumssport med meir enn 500 millionar sjåarar på verdsbasis. Os gymnas er ein av få skular i Vestland som tilbyr e-sport som fag.

Esport_klasserom_osg_2020-2.jpg