Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Ta Ordet!

logo-taordet-forside.png

Elevar ved Os gymnas skal denne hausten for første gong delta i Ta Ordet! - ein talekonkurranse arrangert av retorikkgruppa ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitet i Bergen.

Sidan 2016 har elevar i vidaregåande skule deltatt i talekonkurransen Ta ordet! Konkurransen blir arrangert av retorikkgruppa ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen. Tanken er m.a. å inspirere til og styrke elevane si evne til å delta i samfunnsdebatten. I fjor var det Halvard Brundtland frå Kongshaug Musikkgymnas som vann finalen (Bergens Tidende, 26.10.18).

I år er temaet «Glede», og onsdag 25. september vil det bli halde skulefinale på Os gymnas der vinnarane frå kvar klasse får framføre sitt bidrag. Vinnaren av skulefinalen går vidare til ein workshop i Bergen, og kan til slutt bli ein av dei seks som får delta i den store finalen i Bergens universitetsaula fredag 8. november.

Dette blir spanande å følgje med på! 

Sjå også taordet.no for meir informasjon om konkurransen.