Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Solidaritetsaksjonen 2020

Moldova_tur_2019-kollasj.jpg

Elevrådet sin solidaritetsaksjon er måndag 21. desember 2020.  Elevrådet ved Os gymnas har også i år vald å støtte "Hjelp Moldova" som sitt solidaritetsprosjekt.  Elevane jobbar den dagen, og inntektene går til Hjelp Moldova.

Inntektene for dagen som våre elevar gir, skal gi innbyggarar i Moldova ein betre kvardag. Hovudprosjektet er synshjelp til blinde og svaksynte barn. I filmen fortel Hans Bjørn Bakketeig om organisasjonen og arbeidet i Moldova og korleis korona-pandemien påverkar arbeidet til organisasjonen.

Normalt er minsteprisen for eit dagsverk 400 kr, men me reduserer minstebetalinga til 250 kr i år, for at fleire skal ha moglegheit til å betale. Viss du har moglegheit, er det flott om du betaler 400 kr.

Elevane kan spørre heime, kanskje er det bruk for hjelp til julevasken, handling eller rydding? Ein kan også spørre på butikkar eller hos bedriftar i nærområdet om dei treng ein ekstrahjelp for ein dag. Kanskje andre i familien eller naboar treng hjelp til å rydde i hagen eller å få vaska vindauga utvendig? Det er mange jobbar du kan gjere, der du samtidig tar omsyn til smittevernet.

Me håpar at så mange som mogleg vil delta i år også!

Gi beskjed til Hilde Paaske-Knauer hilde.paaske-knauer@vlfk.no, tlf: 56565757 / 45916840 om du ikkje har jobb, eller ikkje ønskjer å delta.

Innbetaling til konto: 3633.54.03171 eller bruk Vipps #107524 (Hjelp Moldova) - hugs å merke innbetalinga med namn, klasse og Os gymnas!