Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Solidaritetsaksjonen 2019

Hans Bjørn Bakketeig snakkar

Elevrådet ved Os gymnas har også i år bestemt seg for å gi ein dag til støtte for hjelpeorganisasjonen Hjelp Moldova. Dette er elevane sin eigen solidaritetsaksjon der dei arbeider ein dag og inntekta går til Hjelp Moldova.

Hans Bjørn Bakketeig snakkar

Moldova er det fattigaste og mest underutvikla landet i Europa, med ein levestandard som mange u-land. Hans Bjørn Bakketeig frå Os er nestleiar i organisasjonen Hjelp Moldova. Hovudaktiviteten til organisasjonen har vore Prosjekt synshjelp, der målet er rehabilitering av synshemma. Meir informasjon kan ein finne på nettsida www.hjelp-moldova.no.

Torsdag 10. januar fekk elevane på Os Gymnas informasjon om aksjonen. Hans Bjørn Bakketeig var til stades og fortalde kva pengane vi samlar inn skal brukast til. Tredjeklassingane Aleksander og Kristiane fortalde frå sitt besøk til Moldova i oktober 2018, saman med lærar Anne-Kristin. Det var ein tur full av sterke inntrykk, og dei er overtydd om at pengane vi samlar inn vil kome fram til dei som treng det mest.

Aleksander snakkar om turen til Moldova

Minstebeløpet for eit dagsverk er 400 kroner. Ver aktiv og gjer ein innsats denne dagen! Skulen har nokre arbeidsplassar, så viss du ikkje finn ein jobb, kan du ta kontakt med avdelingsleiar for elevtenester for å høyre om du kan arbeide på skulen.

Vi håpar så mange som mogleg også i år vil vere med og gjere ein innsats fredag 25.januar 2019!

Gruppebilde Anne-Kristin, Kristiane, Hans Bjørn og Aleksander