Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Solidaritetsaksjonen 13. desember

257884042_113595041137311_8026024527313330959_n.jpg

Måndag 13. desember skal elevane på Os gymnas ha sin årlege solidaritetsaksjon, og jobbe ein dag for å samle inn pengar. I år har elevrådet vald å støtte den nye organisasjonen I Care - Norway. Organisasjonen jobbar for å hjelpe synshemma og andre vanskelegstilte i Moldova.

I Care-Norway ønsker å vidareføre arbeidet Hans Bjørn Bakketeig og hans samarbeidspartnarar har gjennomført i Moldova gjennom fleire år, og ønsker å ha spesielt fokus på kvinner og barn sine menneskerettar.

Prosjektet blir støtta av Os vidaregåandes skule, Fusa vidaregåande skule og Os gymnas.

Informasjonsbrev om prosjektet (pdf)

Me håpar at flest mogleg av elevane ønsker å delta i år også, og at mange vil bidra med å gi elevane arbeid denne dagen!