Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Moldovadagen 24. januar 2020

Moldova_tur_2019-kollasj.jpg

Elevrådet ved Os gymnas har også i år bestemt seg for å gi ein dag til støtte for hjelpeorganisasjonen Hjelp Moldova. Dette er elevane sin eigen solidaritetsaksjon der dei arbeider ein dag og inntekta går til Hjelp Moldova.

I oktober var to av våre elevar og ein lærar på reise til Moldova, for å besøke prosjekta som elevane på Os gymnas støtter. Du kan også lese eit reisebrev frå turen!

Minste sum for eit dagsverk er kr 400,-. Det vert forventa at elevane finn arbeid sjølv. Mange butikkar er glade for å få ekstra hjelp for ein dag, og ein kan òg høyre heime eller blant naboar om dei treng noko hjelp.

Skulen har nokre få arbeidsplassar (rydding). Så viss du ønskjer å jobbe, men ikkje finn ein jobb, kan du kontakte avdelingsleiar for elevtenester Hilde Paaske-Knauer. Dei elevane som ikkje vil vere med på aksjonen jobbar med oppgåver og skulearbeid på skulen (ein heil skuledag 8:40-15:11).

Vi håpar så mange som mogleg òg i år vil vere med og gjere ein innsats fredag 24. januar 2020!