Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Miljøfagdagar 17.-19. juni

FN-rollespel-tekstilfabrikken-170619.jpg

No er me inne i den siste skuleveka før sommarferien. Denne veka følgjer me ikkje vanleg timeplan, men arbeider i staden med tverrfagleg prosjekt dei første tre dagane. Alle elevar på Vg1 og Vg2 deltar i prosjektet som har berekraftig utvikling som overordna tema.

Berekraftig utvikling handlar om at me må ta vare på behova til alle oss som lever i dag, utan at me øydelegg for framtidige generasjonar. Me treng difor å arbeide med miljø, økonomi og sosiale forhold. Klimaendringane må stoppast for å skape berekraftig utvikling.

Dei to første dagane har me fokus på klede. Gjennom arbeidet ønskjer me å auke kunnskapen rundt berekraftig utvikling - kva er dette og kva faktorar er viktige i forhold til berekraftig utvikling og klede. Elevane skal mellom anna arbeide med resultata frå ei spørjeundersøking som dei har svart på heime. Dei skal gjere eit feltarbeid ute for å samle fleire data, og gruppene skal samarbeide om å lage veggavis for å presentere informasjonen visuelt. Det beste bidraget på skulen vil bli premiert, basert på vurderingskriteria kreativitet, omfang og kvalitet.

Me har også hatt besøk av to representantar frå FN-sambandet, for å gjennomføre rollespelet "Tekstilfabrikken" med fokus på berekraftig arbeidsliv. Rollespelet tar utgangspunkt i tekstilindustrien i Kambodsja. Alle klassane skal delta på dette rollespelet måndag eller tysdag.

FN-rollespel-tekstilfabrikken-170619-4.jpg
FN-rollespel-tekstilfabrikken-170619-2.jpg

Forhåpentlegvis vil prosjektet bidra til å gjere oss alle meir bevisst rundt forbruk av klede. Me håpar at me har lært meir om kor kleda våre kjem frå, problem rundt produksjon av klede og korleis me som forbrukarar har eit ansvar og ein moglegheit til å medverke til berekraftig utvikling på dette feltet.

 FNs berekraftmål 8: Anstendig arbeid og økonomisk vekst  FNs berekraftmål 12: Ansvarleg forbruk og produksjon Kjelde: FN-sambandet