Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Høyring om nytt ordens- og åtferdsreglement og om nytt fråværsreglement

I samband med fylkeskommunesamanslåinga er det utarbeidd forslag til felles ordens- og åtferdsreglement og fråværsreglement for skulane i den nye fylkeskommunen.

Høyringsparter er skulane i Vestland, elevråd, skulemiljøutval, hovudtillitsvalde, Elevorganisasjonen i Hordaland, mobbeombodet, elev- og lærlingombodet.

Andre som ønsker å uttale seg om innhaldet til høyringsutkastet kan også sende høyringssvar.

Høyringsinnspel kan sendast elektronisk innan 7. november 2019.