Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Praktisk informasjon

Klagerett på standpunktkarakterar

Klagefristen er 10 dagar etter at karakteren er kunngjort for elevane.

For elevar på Vg3 er det ein hurtigklagefrist søndag 20. juni. Desse elevane vil få svar på klagene innan 1. juli.

Ei klage på standpunktkarakter skal vere grunngjeven. Sjølve klagen må sendast via elektronisk skjema på nettsidene til Vestland fylke (NB: krev innlogging med MinID).

Du finn skjema og meir informasjon i lenka under.

Informasjon om klagebehandling og klageskjema

Sommarskulen 2021 

I 2021 blir det sommarskule i Bergen, ved Amalie Skram vidaregåande skule, i tida frå måndag 21. juni til fredag 2. juli.

Sommarskulen har tilbod i matematikk for elevar og lærlingar, og i norsk for elevar med ungdomsrett og kort butid i Noreg.

Påmeldingsfrist: 11. juni.

Sommarskulen - meir info og påmelding

Aktuelt

Tilbod om toppidrett med fotball og e-sport

Tilbod om toppidrett med fotball og e-sport

Os gymnas ønskjer å tilby toppidrett som valfritt programfag på Vg1 skuleåret 2021-2022.  Os gymnas samarbeider med Os Fotball om eit toppidrettstilbod i fotball. Skulen ønskjer i tillegg å tilby eit opplegg for toppidrett med e-sport som spesialisering viss det er tilstrekkeleg interesse for dette.

Informasjon om Ungdataundersøkinga

Informasjon om Ungdataundersøkinga

Os gymnas skal gjennomføre ungdataundersøkinga i perioden frå veke 5 til 7. Sjå vedlagt informasjonsbrev om føremål, gjennomføring og personvern i undersøkinga.

Sjå fleire saker