Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Yrkesfagleg grunnutdanning Restaurant- og matfag

Som elev ved restaurant- og matfag deltek du i produksjonen ved skulen sitt kjøkken, og arbeider ein dag i veka i kantina. Produksjonen lagar ulike rettar som rundstykker, bagettar, salatar og varm mat. Til lunsj legg ein vekt på å servere variert norsk kost med innslag av dei siste trendane innan matlaging

Vi tilbyr

Spennande undervisning innanfor restaurant- og matfag der elevane har høve til å påverke det som blir produsert i eit godt og inkluderande miljø.

Kva kan du bli?

Du kan bli lærekandidat i ei kantine eller ved eit institusjonskjøkken. Du har også høve til å jobbe i eit bakeri.

_MwF0130.jpg

Innhaldet i opplæringa

Utdanninga legg vekt på at opplæringa skjer i ein realistisk arbeidssituasjon.

Elevane utfører arbeidsoppgåver som er i samsvar med dei krava som blir stilt til produksjon i bransjen.  I gruppa er det 8 – 10 elevar og to tilsette som arbeidar saman. 

Elevane har nokre timar med teori, men jobbar mest praktisk. Elevane skal få trening i å stå i arbeid og kjenne til korleis arbeidsplassen fungerer og kva reglar og rutinar som gjeld for ein arbeidstakar.

Skulen har eit klart fokus på utvikling av sosial kompetanse, og all opplæring er definert som spesialundervisning. Elevane vil møte tydelege forventningar og krav, og vil få tett oppfølging og motta tydelege tilbakemeldingar som sikrar at elevane utviklar sin sosiale kompetanse i takt med den praktiske kompetanse sin. Utdanninga har referanse til konsekvenspedagogikken.

_DsC7208.jpg

Oppbygging av tilbodet

Bilete av korleis studieløpet er bygd opp, med fire år i skule og 2 år i bedrift

Spør oss om tilbodet

Avdelingsleiar tilrettelagt avd og kunst, design og arkitektur
Profilbilde av Heine Nils Bringe

Heine Nils Bringe

Send e-post

Eige opplæringskontor

Vi samarbeider tett med Opplæringskontoret for tilrettelagt opplæring. 

Ved spørsmål til Opplæringskontoret kontakt: 
May-Lill Torsvik 
Tlf: 40438052 
Mail: mlt@okambo.no