Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Yrkesfaglig grunnutdanning Helse- og oppvekstfag

Eit praktisk utdanningstilbod som tar sikte på at eleven skal oppnå ein grunnleggjande yrkesutdanning. Utdanninga fører til kontrakt som lærekandidat, som seinare eventuelt kan byggjast på til fagbrev.

Vi tilbyr

  • Ein spennande og variert skuledag, der teori og praksis går hand i hand.
  • Vi øver på skulen, og er i praksis i det ordinære arbeidsliv.
  • Samarbeid med barnehagar og sjukeheim kvar veke.
  • Matlaging, måltid, hygiene og helse

Kvifor helse- og oppvekst?

  • Er du glad i å jobbe med menneske?
  • Likar du å vise omsorg?
  • Er du ein som bryr deg?
  • Er du kontaktskapende?
  • Likar du samarbeid? 
_MwF0036.jpg

Innhald i opplæringa

Utdanningen er lagt opp med stor vekt på utvikling og styrking av sosial handlingskompetanse, i tillegg til opparbeiding av praktiske yrkesretta ferdigheiter.

På skulen møter elevane tydelege forventningar og krav. Tett oppfølgjing og tydelege tilbakemeldingar sikrar at elevane utvikler den sosiale kompetanse sin i takt med dei praktiske ferdigheitene sine.

Eleven skal planleggje og gjennomføre aktivitetar knytt opp mot ulike brukargrupper. Vi har kjøkken ein dag i veka der vi lager mat med fokus på kosthald og hygiene.

Fellesfaga er knytt opp mot det elevane har bruk for i praksis.

 Utdanninga har referanse til konsekvenspedagogikken.

_DsC7066.jpg

Oppbygging av tilbodet

Spør oss om tilbodet

Avdelingsleiar tilrettelagt avd og kunst, design og arkitektur
Profilbilde av Heine Nils Bringe

Heine Nils Bringe

Send e-post

Eige opplæringskontor

Vi samarbeider tett med Opplæringskontoret for tilrettelagt opplæring. 

Ved spørsmål til Opplæringskontoret kontakt:
May-Lill Torsvik
Tlf: 40438052
Mail: mlt@okambo.no