Vg 1 Studiespesialiserande
På Vg1 må du velje eit framandspråk i tillegg til engelsk. Vi tilbyr:
- Fransk nivå II
- Tysk nivå II
- Spansk nivå I og II
Det er vanleg å halde fram med det språket du hadde på ungdomsskulen. Spansk I er i utgangspunktet eit tilbod til dei som ikkje hadde framandspråk på ungdomsskulen. Framandspråket du har på Vg1 må du halde fram med på Vg2.
Olsvikåsen videregående skole har i fleire år vore med i eit Comenius-prosjekt der elevar i forskjellige land jobbar med felles prosjekttema. Elevane som er med på dette drar på besøk og bur i ein familie, og er også vertsfamilie for ein elev frå eit anna land. Frankrike, Tyskland og Spania er land som har vore med tidligare år.