Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Påbygging til generell studiekompetanse

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse på Vg3. Du kan søke både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg undersøke om skulen tilbyr fag som gir spesiell studiekompetanse.

Påbygg Vg3.jpg

Vegen til høgare utdanning

Påbygging er for deg som er motivert for eit år til på skulebenken. Du bør ha lyst til å ta fatt igjen på dei teoretiske faga dersom du vel påbygg. 

Etter bestått Vg2 yrkesfag kan du velje å gå ut i to år læretid og få fag/sveinebrev eller bygge på med eit år for å få generell studiekompetanse.

Dersom du har bestått Vg2 yrkesfag har du krav på å få gå vidare på Vg3 påbygging. Det er først og fremst for deg som ønskjer å gå vidare med høgare utdanning.

Vg3 påbygg kan du ta både før og etter endt læretid.

Søk skuleplass

Fag og timetal

Fag og timetal
Fag Timetal Vg3
Norsk 10
Matematikk 2P-Y 5
Historie 5
Naturfag 3
Kroppsøving 2
Valfritt programfag 5
Sum timetal per veke 30

Vegen vidare

Med studiekompetanse kan du søke opptak til høgare utdanning i Noreg. Dette gjer du gjennom samordna opptak. Her får du også informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studiane.

Har du ikkje bestemt deg? Då kan du få gode tips på utdanning.no.

Samordna opptak Utdanning.no

Spør oss om tilbodet