Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Kunst, design og arkitektur

Har du lyst på generell studiekompetanse og samtidig lære meir om design, formgjeving og visuelle kunstfag? Det kan du på Kunst, design og arkitektur. Den treårige utdanninga fører fram til generell studiekompetanse, og du har dermed sjanse til å ta høgare utdanning på universitet eller høgskule.

Vi tilbyr:

  • 3-årig utdanning som gir deg studiekompetanse
  • obligatoriske programfag innan visuelle kunstfag, design og arkitektur. 
  • valfrie programfag innan formgjevingsfag
  • du kan velje fag innan samfunnsfag, språk og realfag

Erfaring frå formgjevingsfag er ein fordel om du vil vidare på ulike kreative utdanningar, som til dømes arkitekthøgskule eller kunsthøgskule. Kunst, design og arkitektur vil også vere nyttig om du ønskjer å studere andre fag som t.d. journalistikk, pedagogikk, økonomi eller liknande.

Søk skuleplass

Kvifor velje kunst, design og arkitektur?

  • Du får generell studiekompetanse
  • Du får ein variasjon mellom teoretiske og praktiske fag
  • Du utviklar kreativiteten din
  • Du får kunnskap om den visuelle og estetiske verda
  • Du får arbeide med tverrfaglege oppgåver

Med generell studiekompetanse har du mange moglegheiter når du skal velje utdanning vidare.

Vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetal
Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2 Timetal Vg3
Norsk 4 4 6
Matematikk 5 3 0
Naturfag 5 0 0
Geografi 0 2 0
Religion og etikk 0 0 3
Engelsk 5 0 0
Framandspråk 4 4 0
Samfunnsfag 0 3 0
Historie 0 2 4
Kroppsøving 2 2 2
Kunst og visuelle verkemiddel 5 5 5
Design og arkitektur 5 5 5
Valfritt programfag 0 5 10
Sum timetal per veke 35 35 35

Første året

Bilde Vg1 formgiving.jpg

Vg1 Kunst, design og arkitektur 

I dei obligatoriske programfaga lærer du om:

  • Design og arkitektur
  • Produkt og idéutvikling av materiale og teknikkar
  • Kunst og visuelle verkemiddel

Du får grunnleggande opplæring innan teikning, farge og form.  Du får prøve ut ulike teiknereiskapar og teknikkar. Du får i tillegg prøve deg på mønsterdesign.

Andre året

Formgiving Vg2.jpg
Fotograf: Martine Bernhardsen

Vg2 Kunst, design og arkitektur

På Vg2 er det i tillegg til fellesfag og obligatoriske programfag fem timar med valfritt programfag. Her kan du velje mellom

  • Foto og grafikk
  • Design og bærekraft
  • Arkitektur og samfunn
  • Kunst og skapande arbeid

Du får prøve ut ulike trykkteknikkar, innføring i fotografering og digital bildebehandling. I tillegg får du ei breiare forståing av design, handverk, kunst og arkitektur i vår tid. Du lærer også å forstå og analysere omgjevnadane dine. 

I dei obligatoriske programfaga lærer du om grafisk design, illustrasjon og trykk. I tillegg lærer du om teikning og fargelære, skulptur, komposisjon og idékunst.  

Du kan også bruke dei valfrie programfagtimane på å bygge ut studiekompetansen din med meir realfag, språk eller samfunnsfag. Fagtilboda kan variere frå år til år, ta kontakt med skulen for meir informasjon.

Blogg Trykk og foto 1 Blogg Trykk og foto 2

Tredje året

Formgiving Vg3.JPG

Vg3 Kunst, design og arkitektur

På Vg3 kan du velje 10 timar med valfritt programfag. Dette kjem i tillegg til fellesfag og obligatoriske programfag. På tredje året kan du velje mellom :

  • Foto og grafikk
  • Design og bærekraft
  • Arkitektur og samfunn
  • Kunst og skapande arbeid

Du kan og bruke dei valfrie programfagtimane til å bygge ut studiekompetansen din med meir realfag, språk eller samfunnsfag.

Blogg Trykk og foto 1 Blogg Trykk og foto 2

Vegen vidare

Etter tre år med studiekompetanse, kan du velje mellom mange høgare utdanningar. Både utdanningar innan kunst- og design, men også innan andre felt. Du vil også ha nyttig kompetanse i kreativitet og problemløysing. Dette er ofte ein viktig del av vidare studiar og dei yrka som utdanninga endar opp i.

Utdanning.no

FOR MEIR INFORMASJON:

Avdelingsleiar
Profilbilde av Therese Kleppestø

Therese Kleppestø

Send e-post 55511417

Mitt yrke: Kunstnar

Mitt yrke: Arkitekt