Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Helse- og oppvekstfag med generell studiekompetanse

Dette er eit treårig utdanningsløp der faga er praksisretta og jamt fordelt. Det er eit godt val for deg som ønskjer høgare utdanning innan helse- og oppvekstsektoren.

Vi tilbyr:

  • 3-årig utdanning som gir deg generell studiekompetanse
  • Fagleg kompetansen innan helse- og oppvekstfag
  • Du kan i tillegg velje eit fag innan samfunnsfag, språk og realfag
  • Tilbodet gir ikkje fagbrev
Søk skuleplass Les meir om helse- og oppvekstfag på Vilbli.no

Kvifor velje helse- og oppvekstfag med generell studiekompetanse?

  • Du vil studere vidare på høgskule eller universitet for å til dømes bli barnehagelærar, barnevernspedagog eller sjukepleiar.
  • Ønskjer ei meir praktisk og fagleg tilpassa opplæring fram til generell studiekompetanse
  • Ønskjer ei jamnare fordeling av fellesfag og programfag

Fag og timetal

Fag og timetal
Fag for Helsearbeiderfaget Timetal Vg1 Timetal Vg2 Timetal Vg3
Helsefremjande arbeid 7 7 0
Kommunikasjon og samhandling 5 5 0
Yrkesutøving 5 0 5
Yrkesfagleg fordjuping 6 0 9
Norsk 4 4 6
Matematikk 5 3 0
Naturfag 0 5 0
Engelsk 0 5 0
Kroppsøving 2 2 2
Samfunnsfag 0 3 0
Historie 0 0 5
Valfritt programfag 0 0 5
Sum timetal per veke 34 34 32
Fag og timetal
Fag for Barne og ungdomsarbeiderfaget Timetal Vg1 Timetal Vg2 Timetal Vg3
Helsefremjande arbeid 7 5 0
Kommunikasjon og samhandling 5 5 0
Yrkesutøving 5 0 7
Yrkesfagleg fordjuping 6 0 9
Norsk 4 4 6
Matematikk 5 3 0
Naturfag 0 5 0
Engelsk 0 5 0
Kroppsøving 2 2 2
Samfunnsfag 0 3 0
Historie 0 0 5
Valfritt programfag 0 0 5
Sum timetal per veke 34 32 34

Første året

HO Vg1.jpg

Vg1 Helse og oppvekstfag

På Vg1 har du programfaga kommunikasjon og samhandling, helsefremmande arbeid og yrkesutøving. I tillegg har du faget yrkesfagleg fordjupning, samt fellesfaga norsk, matematikk og kroppsøving.

I faget yrkesfagleg fordjupning kan du prøve ulike yrke innan helse- og oppvekstfaga. Faget er meint å hjelpe deg i val av utdanningsløp. Vi har eit nært samarbeid med Bergen kommune og ei rekkje institusjonar.

Andre året

Helse og Oppvekstfag studiespesialiserende II.jpg

Vg2  Helsearbeidarfaget

Som helsefagarbeidar jobbar du i nær kontakt med menneske. Oppgåvene dine vil mellom anna vere å gi omsorg, praktisk pleie og miljøarbeid til menneske som treng det. Du får utvikle evna til å vere ein profesjonell yrkesutøvar med empati og evne til samspel med menneske med ulike hjelpebehov.

På Vg2 har du programfaga helsefremmande arbeid og kommunikasjon og samhandling. I tillegg vil du ha fellesfaga norsk, naturfag, matematikk, engelsk, samfunnsfag og kroppsøving.

BU.jpg

Vg2  Barne- og ungdomsarbeidarfaget

Som barne- og ungdomsarbeidar får du ein aktiv og meiningsfylt jobb. I barne- og ungdomsfaget lærer du mellom anna å legge til rette og gjennomføre pedagogiske tilbod for born i alderen 0-18 år. Du utviklar evna til kommunikasjon og samhandling. Vidare lærer du å fremje fellesskap og samhold i eit miljø prega av leik, utforsking og læring.

På Vg2 har du programfaga helsefremjande arbeid og kommunikasjon og samhandling. I tillegg vil du ha fellesfaga norsk, naturfag, matematikk, engelsk, samfunnsfag og kroppsøving.

Tredje året

HO - forside.jpg

Vg3  Helse- og oppvekst studiespesialiserande

På Vg3 har du programfaget yrkesutøving. I tillegg vil du ha yrkesfagleg fordjupning samt fellesfaga norsk, historie, kroppsøving og eit valgfritt programfag.

Vegen vidare

Etter å ha gått tre år på helse- og oppvekstfag med generell studiekompetanse kan du søke deg vidare på dei aller fleste studiar på høgskule og universitet. 

For meir informasjon: